Mandag var vel siste dagen med skikkeleg påske-skiføre, og me benytta anledninga til å leite fram turskia igjen, sjølv om skiutstyret var nedpakka før påske, då våren såg ut til å jage snøen vekk...men slik vart det ikkje då altså...Det var ein flott dag på fjellet, og sjølv om smørekunnskapane kunne vore betre, så hadde vi ein koseleg tur, og fann ein topp heilt for oss sjølve.
Om kvelden samla me ein gjeng og fór på bowling ein tur, og så åt vi pizza på Mamma mia etterpå. Etterpå var vi einige om at dette er noko vi gjer alt for sjelden, så no skal vi prøve å verte litt flinkare til å ha slike kveldar i lag. Vi kosa oss i vertfall, og håper det ikkje vert lenge til neste gong!
Her sit Audun og Runar...



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar