
Då vi sat i flyet på Vigra, kjende eg at det var heilt greitt å reise i frå dette regnet...

Og det var heilt nydeleg å starte neste dag i strålande solskin, i eit flott hus, med basseng i hagen.

Frukost ute sjølvsagt.


Sitrontre og appelsintre er ikkje slikt vi er vande med. Måtte smake på, men dei var veldig sure..

Det beste med å vere på tur åleine var å kunne gå på restaurant og ete god mat kvar dag. Sleppe å lage maten, sleppe oppvask... - Og eg elskar Thai-mat, så her kjem litt matbilete...

Banatree restaurant, fantastisk god mat og atmosfære. Fullt hus heile tida.

Forrett nr 1...


Nam, nam..

Her er vi på besøk på den norske skulen i Rojales. Dei fleste som jobba der heldt seg i skuggen, elevane også. Men vi nytta kvar einaste sjanse til å få litt sol på dei bleike kroppane.

Vi tok båt ut til ei gammal sjørøvarøy. Sjarmerande, men tydeleg utanom sesong, tomt og forlatt.

Tome gater, og stille.

Vi fekk oppleve flamencodans på ein koseleg restaurant ilag med alle som var på skulen på samling. Det var lærarar frå den norske skulen i London, frå Rojales, Bjørkedalen nærskule og oss frå Åmås.

Nydeleg god mat her også.

Den beste desserten ever! Var sånn vulkanliknande, som smelta og hadde rennende sjokolade inni...mmm...

Følte det var ein tekopp henta frå ein disneyfilm.

Kjøpte min første drink ever...var ikkje spesielt god ein gong. Men har i vertfall gjort det.

Og det var fullt mulig å trimme vekk nokre kaloriar medan ein tok ei øl, på bikibar.

Så var det mat igjen..Legg merke til kor mykje godt vi fekk servert i nokre lange vikingskipliknande båtar. For ein matorgie!



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar