fredag, februar 12, 2016

Gran Canaria, februar 2015 - del 1.

Første veka i februar reiste vi til Gran Canaria i lag med Ivar og Åshild.
Heile gjengen hadde nettopp hatt influensa, og vi rakk akkurat å verte friske til turen. Mathias var den einaste som ikkje var heilt pigg, og hadde nok litt feber på flyet. Det merka vi ikkje så mykje til, for det var så spennande å ta fly, så Mathias var like blid, han, berre litt rolegare enn vanleg.

Fleire som syntest det er spennande med fly...

...og buss. Ikkje så ofte vi tek buss til vanleg.

Om kvelden var vi framme ved hotellet i Taurito. Kjempefint og koseleg hotell.

Første dagen vart vi fort kommandert ut for å spele minigolf. Marius var klar! Mathias ville berre bite på kølla...😜 

Full konsentrasjon.

Dei obligatoriske sydenflettene på plass.

Ein som elskar buffet. Klar for å få sydensveis, han også.

Då er begge to sydenfine, og klar for ein kveld med mange kjekke aktivitetar på hotellet.

Hoppe på trampoline med strekk var kjempegøy!

Full fart på trøbilar.

Kjekk underholdning om kvelden for ungane, og Mariell fekk sitte på fanget til tigeren.

Alle dansar siste dansen om kvelden, ein morsom dans som vi fekk heilt dilla på. Tunak tunak tun.

Ein tur til Angry Birds-parken måtte vi også, og det passa fint ein av dei dagane det var litt lettskya vêr. 

Denne dagen var vi i lag med Janne og John Åge med familie, sidan dei også var på Gran Canaria denne veka. Kjekt for ungane å leike ilag, og så fekk seniorane fare og treffe Dina og Einar, som har leiligheit her.

Litt sol og bading vart det også endeleg, sjølv om vi ikkje fekk så mykje sol som vi hadde håpa på. Vatnet var litt kaldt, men når sola steikte gjorde det ingenting.

Badenymfa vår.

Sola seg litt. Hadde ikkje tid å ligge stille så lenge..

Kryssordet er med overalt..

All inclusive er ferie for mor, og det er så deilig å berre gå og forsyne seg, og sleppe å lage mat på ei heil veke! Mmm..

Gjengen vår, klar for middag. 

Heis-selfie.

Blid og fornøgd kar i vogna si.

Kosar seg på fanget til besta. 

Neste innlegg handler om den dagen vi tok turen til ein park som heiter Palmitos Park. Ein fantastisk fin park med nokre utrulege dyreshow.

Ingen kommentarer: