Ein av dei stadane vi lurte litt på om vi skulle fare til, var ein dyrepark som heitte Palmitos Park. Det kosta ein god del for oss som er fem stykker, så vi visste ikkje heilt om vi skulle ta oss råd til det også..vi hadde alt vore i Angry Birdsparken. Men så fekk vi plutseleg besøk av nokre frå Star Tour, som sa at vi måtte bytte rom på hotellet grunna vedlikehald på ventilasjonsanlegget. Som kompensasjon kunne vi få billettar til Palmitos Park! Då var vi skikkeleg heldige!

Her var mykje spennande å sjå på, og dei flotte showa var skikkeleg imponerande å sjå på .

Mariell ser på flamingoar.

Blomstrar i fleng, i alle fargar.

Her likte Åshild seg godt.

Marius ser på krokodiller.

Mariell kosar seg, og er skikkeleg pappajente.

Krokodiller.

Den største fuglen dei hadde var ei ørn som heitte bald eagle.

To brillefine.

Kaktusar var det mykje av overalt, og desse hadde så store blad at mange hadde rissa inn namn og årstal på dei.
Kaktusar i slags former og fasongar.
Og flotte sommarfuglar.

På delfinshowet fekk vi sjå kor utruleg flinke desse dyra er. Mariell fekk til og med klappe ein delfin.

Så intelligente dei er desse dyra. Dette showet var heilt fantastisk flott.
Fugleshowet var vi litt i tvil om vi skulle sjå på. Vi tenkte at det sikkert ikkje var så spennande, men der tok vi grundig feil! Dette var noko av det tøffaste vi har sett! Dei minste fuglane fekk vi sjå på nært hald, mate og halde.
Papegøyer med sine triks og kunstar.
Dei litt større fuglane hadde også sine kunstar, og vi fekk mange faktaopplysningar frå fuglepassaren, som snakka i eitt sett, både på spansk, tysk og engelsk!

Dei største fuglane flaug frå tårn til tårn for å få ein matbit, og dei var rett over hovudet vårt. Vi fekk streng beskjed om å ikkje røyse oss opp under showet, og det var det god grunn til. Her var det skikkeleg valuta for pengane! Det tøffaste var då dei slapp ut den store ørna, og ho flaug fleire kilometer vekk. Då vi til slutt ikkje såg ho igjen, leitte dei fram ein matbit, og byrja å rope på ho. Etter ei god stund såg vi ho snirkla seg inn mot oss, fortsatt veldig høgt oppe, men så plutseleg kom ho stupande ned, rett over oss, og tok maten. Det er det råaste vi har vore med på!

Slush måtte vi ha. Gjett kva farge det var på den, då?
Ferien nærma seg slutten, og nest siste dagen, var vi på marked på Mogan. Der kjøpte vi oss kvar sin kjempestore is! Nam!

Besta og Mathias kosa seg.
På stranda siste dagen og leika i sanden.

Mariell vart kjend med ei jente på turen, og dei leike mykje ilag siste dagane. Dei sat i lag til taxien til flyplassen, og på flyet også, og då dei til slutt skulle gå kvar sin veg på flyplassen heime i Norge, vart det nokså tårevått. Men vi utveksla både namn og nummer, så jentene har fått snakka med kvarandre etter vi kom heim, og sett kvarandre på facetime.

Mathias gjekk frå fang til fang på flyet heim og var veldig flink.
Så var det heim til kalde Norge igjen, men gjett om dette korta ned på vinteren! Vi lengtar tilbake, og håper vi kan gjere dette fleire gongar, men det spørs om det er råd å få til. Vi får sjå:-)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar