
Endeleg kom 7-årsdagen Marius hadde venta på så lenge. Han har hatt dilla på noko lego-greier som heiter Ninjago, så både kake og bordpynt var inspirert av det.

Vi valde å ha selskapet på klubbhuset denne gongen, og det var godt å ha litt betre plass enn vi har heime. Familieselskapet hadde vi seinare, slik at vi feira Marius og Mathias ilag.

Sjuåringen og eittåringen. Marius er den store helten til Mathias. Snill og god storebror.


Marius fekk mykje lego i gåve, og hadde arbeid med å byggje mange kveldar, og sjølv om han vanlegvis er den som sloknar først om kvelden, var han veldig uthaldande når han fekk byggje lego.
- Anette
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar