torsdag, februar 18, 2016

Ei tid er over, ei ny skal starte.

Sommaravslutning i barnehagen, 2015.
Mariell er klar for 1.klasse til hausten, og Mathias skal starte i barnehagen.


Syng så fint til foreldra. Dei største ser så store ut når dei står ilag med dei små i barnehagen. No skal dei gå frå å vere størst i barnehagen, til å bli minst på skulen..og vi har ein førsteklassing, andreklassing og ein barnehagegut. Det er rart å tenkje på..


Flotte barnehagejenta vår på si siste sommaravslutning, og no er ho skulejente! Gjett om ho har gleda seg!


Førskuledagar. Spent på korleis det vil bli å verte 1.klassing.



Og her er ein som er veldig klar for å starte i barnehagen!

- Anette

Ingen kommentarer: