søndag, juni 24, 2007

Dagane går fort!!


Det vert lite oppdateringar på bloggen no for tida... Tida går for det meste med til å førebu bryllaup. No er det snart berre 5 dagar, og litt bryllaupsnervar har byrja å melde seg. Men vi er omtrent i rute, og ting byrjar å kome på plass. Snart er det pynting av lokale som står for tur, og då er det for alvor i gong. Rart, eigentleg, no når vi har planlagt denne dagen så lenge. Den har verka fjern og langt fram i tid, nesten som om vi har planlagt den for nokon andre enn oss sjølve.. men no er det faktisk berre nokre dagar att. Det er litt uverkeleg!
No håpar vi vêrgudane er med oss så vi får ei fin helg der vi kan vere både ute og inne.

Siste dagane har vi vore å ordna sjakett til Audun (eller det vil seie, han og Per Helge ordna det, så eg veit ikkje kva han har valgt ut...spennande!)
Eg har henta kjolen min i Ålesund, og har alt klart. Onsdag var eg til prøvetime med frisøren og fekk avtale korleis frisyren skal vere. Så har vi også vore i kyrkja for å bestemme kva innmarsj og utmarsj, og salmar vi skal ha. Det er Marie Austrheim som skal vere organist, og ho er kjempeflink, og tok i mot musikkønska våre med eit smil, og sa at ho likte litt utfordringar. Så dette vert ein spesiell sermoni for oss. Det vert fin musikk, gled dokke!!

7 kommentarer:

Anonym sa...

Gle mej kjempemasse! Rart medd et, men en bli litt ekstra engasjert når en akkurat he vør oppi det heile sjøl. Osso gle ej mej te å høyre igjen innmarsjen! Det bli spennande! Lykke til med resten av forberedelsane!!!

Dagfinrud Moe sa...

Tusen takk! Kjekt å høyre at du gler dej, for me håpa no at alle skal få en kjempefine dag.
Dokke kjøme innover laurdag, vakje d so? Ej vart sånn i tvil når ho Torill sporte mej. Ho lurte litt på d, for ho ha tenkt å samle gjengen opp me hinne ette kirka trur ej, men so e d no nåken so ska bu me ne frå fredag til laurdag me, so d kan hende ho he nåken plana for fredagskvelden me..

Siv sa...

Vil berre seie lykke til med den store dagen!! Eg er svigerinna til Solveig, og kan ikkje dy meg frå å kike innom blogen dåkka sånn av og til. Er spennandes med bryllup då! Sjølv har eg vore gift i snart 8 år no. Berre vent å sjå, tida går fykandes fort! Føles ut som det var i fjor eg gifta meg! Men det er godt å tenkje at eg faktisk ikkje ville ha gjort bryllaupet mitt noko annaleis, sjølv om tidene og motene forandrer seg stadig! Så hjartleg til lykke og kos dåkke på den store dagen!

Anonym sa...

Hei igjen. Oss he bestemt oss for å ta ei langhelg oss, so oss kjem innover seint fredagen. Oss reise ette han Kenneth e ferdig på jobb, so skal oss avlevere unga med mamma og pappa, so fær oss innover etterkvart. Då he oss bedre tid te å slappe av litt før kirka på laurdag :-) Dessuten so e ikkje det so ofte oss fær muligheita te å søve lenge to daga på rad!! ;-)

Dagfinrud Moe sa...

Hei Siv! Takk for koseleg helsing. Ej må no innrømme at ej e innom di si side også og smugkika av og til. Kjekt me blog alså!
Me gleda oss kjempemykje til den store dagen, og kosa oss me siste planleggingsbiten. No e d bere kjekke ting igjen. Og skal sei siste vekene he gått fort! Vekkje kar dagane he vorte ta. D e heilt uvirkele at d e berre nokre daga igjen. Men so du sei, d e sikkert ikkje lenge for me pluttsele he vore gifte i 8 år me også. Tida går so fort! Tusen takk for lykkeønskinga!

Dagfinrud Moe sa...

Hei Solveig! Sikkert lurt å kome på fredagen ja, so sleppe dokke å stå opp grytidle for å køyre innover til kl 12 for å få me dokke kirka. Verte vel uvant å vere uten onga so lenge tenke ej..rart me d..:-)

Anonym sa...

Tru nok oss skal klare oss ;-)