onsdag, august 22, 2007

Tone sitt utdrikkingslag

Laurdag var det Tone sin tur å verte kidnappa for ein dag med mykje action.
Ikkje så lett å fare frå ungane når dei gret...

Tone vart køyrd til skytebana i Sollidalen med bind for augene, der resten av gjengen som skulle vere med, sat og venta..

Så var det pistolskyting. Etter kvar runde gjekk vi fram til blinken for å sjå om vi hadde truffe blinken. Pistolskyting var veldig kjekt, og alle fekk det bra til!

Tone i "skuddet", bokstaveleg tala...

Brud og forlovar.

Etter skytinga køyrde vi vidare til neste aktivitet, som var klatring i klatresiloen i Volda. Tone var ein réser til å klatre og fór rett til toppen på første forsøk. Standarden var sett!

Då alle hadde fått prøve både skyting og klatring gjekk turen vidare til Hustadeneset, og grilling på hytte 5. Her hadde me ein koseleg og latterfylt kveld, med badestamp-bading og dildoparty. Det meste av bileta som vart tatt etter grillinga egnar seg dårleg på internett, så vi får nøye oss med å seie at det var ein innhaldsrik dag og kveld, på mange måtar, og føye til at dildoparty kan vere kjekkare enn ein skulle tru på førehand!

Ingen kommentarer: