Rett før jul var det bursdagsfeiring. Kristian var 10 år.
Julafta var det middag heime med oss i lag med foreldre og svigerforeldre, Svein Ivar og Jon (bror til Åshild)
Mathilde he alltid eit smil på lur.
Tøyse-farfar!
2. juledag er det tradisjon med juleselskap i Audun si familie. Då samlast alle i Bondalen, eller med Kjellfrid og Hjalmar i Ørsta. Sidan familien er liten, er det kjekt å ha ein dag i året der alle får møtast, og ekstra kjekt var det i år for oss, når vi var tre par som venta små i februar/mars. Søskenbarnet til Audun, Arnfinn, som er saman med Tereza frå Tsjekkia, (biletet) ventar barn berre 10 dagar etter oss i følge terminen.
Bror til Arnfinn, Stig, bur i Oslo med kona Marie, og ventar sitt andre barn i slutten av februar. Det var artig å treffast for å samanlikne magane, og høyre om kor svangerskapa hadde vore. Dei neste juleselskapa framover ser vi føre oss vert ganske livlige, med 3 jamngamle småtroll som spring rundt. :-)
Ut på kvelden etter selskapet besøkte vi Tone og Gunnar. Der var Janne og John Åge og Asbjørg også.....og Malin, som ikkje ville sove, men sjarmerte den eine etter den andre i senk, og fekk vere oppe litt lenger...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar