torsdag, januar 17, 2008

Veke 32

Vekene og tida tikkar og går. No er vi alt komne til veke 32 i svangerskapet, og magen har for alvor byrja å vekse. Er så heldig at forma har vore fin til no, og satsar på å arbeide til permisjonen startar rett etter vinterferien.
Vi har for alvor byrja med førebuingane som skal til i heimen for å vere klar til å ta i mot småen. Vi har baby-utstyret på plass, og no står det att å byggje eit garderobeskap på soverommet, slik at vi får plass til litt meir klede. Å kjøpe vart vanskeleg på eit trangt soverom med skråtak og tømmerveggar, så vi fann ut at her måtte vi bere prøve å vere litt kreative. Bilete kjem etterkvart...

2 kommentarer:

Anonym sa...

Heisann!
Kjekt å sjå at magen vekse..lenge sida vi he sett dokke no..kansje vi skulle tatt oss en tur visst det passa for dokke en dag:)
Klem fra Åse-Lill og Runar:)

Dagfinrud Moe sa...

Hei!
Ja, d e lenge sida no. Bere å stikke innom en kveld, kjekt d! Må no få litt oppdateringa om hyttebygginga me:-)