onsdag, mars 12, 2008

Det vart ein gut!


Laurdag, på sjølvaste kvinnedagen, kom det ein liten prins til verda.
Etter ein lang kveldstur fredag, fekk vi brått eit tydeleg teikn på at noko var i vente. Klokka var 1, og vi skulle legge oss. Men, det var ein som ville det annleis. Vatnet gjekk!
Vi reiste på fødeavdelinga, og alt etter ein halvtime var det 3 min mellom riane.
Deretter gjekk det fort, og laurdag morgon, kl 07.07, hadde vi fått oss ein nyyydeleg gut.

Han har ikkje fått noko namn endå, men her ser vi i vertfall prinsen vår og den stolte pappa, berre nokre minutt etter at han var fødd.


Det var veldig mange fødande på sjukehuset denne helga, men likevel hadde vi litt flaks, og fekk ha familierom, slik at far også får vere på sjukehuset.
Besøk kom alt same dagen, og det var nokre stolte besteforeldre som kom for å sjå på
det nyfødde barnebarnet sitt.




Mathilde fekk også halde det nye søskenbarnet sitt.


Måndag fekk vi beskjed om at vi måtte ha prinsen vår i lysbehandling, for han hadde litt gulsott. Då måtte han ligge på ei seng med fluorlys i 24 timar. Det var veldig vanskeleg å la han ligge der, utan å få kose med han...:-)


Tysdag var mamma klar for å ta med prinsen heim, og her sit han klar i bilstolen sin.
Trur du denne karen smeltar hjerta til foreldra, eller?

9 kommentarer:

Anonym sa...

Gratulerer! Nydeleg flotte gut:-) gler mej til å sjå na på ekte

Lillabethos sa...

Så kjekt å se han igjen. Han er bare sååå nydelig! Håper det går bra med dere alle sammen:)
Dere går en sinnsykt koselig tid i møte!
God klem

Anonym sa...

Hei og gratulere so masse med den nydelige guten! Kjekt å få sjå bilde av han! Kos dåkke masse heime, og nyt tida! Klem

Åse-Lill og Runar sa...

Hei til alle tre!
Gratulere med lisje guten dokka..håpe alt står bra til og at det e muligheite for å komme på besøk en dag:)

Dagfinrud Moe sa...

Takk for gratulasjonane. Det he vore vanskele å svare på alle, for det he vore so monge, men me syns det e kjempekjekt at det e so monge som bryr sej om oss, og fylle me på bloggen vår. Tusen takk skal dokke ha. Besøk teke me i mot, veit du, Åse-Lill.

Christina sa...

ej kjeme på besøk en dag!;) gler mej til å sjå na:)

Dagfinrud Moe sa...

D må du berre jer! :-) Han e so gode atte...

Wenche sa...

Gratulere so masse med prinsen! =) utrulig nydelig gut dokke he laga! dokke fe nyte familielivet framover! klem

Anonym sa...

Må ta å legge ut litt nye bilde no da:-)
ej he vore innom 5345 gonga for å sjå om det e komt noke nytt her...
han va no berre so skjønne da:-)