laurdag, februar 11, 2012

Oppsop…Selskap, karneval og skitur.

Det er lenge sidan eg har lagt ut litt “skikkelege” bilete no, og det er diverre litt fordi det meste blir tatt med iphone for tida, og gjerne med mindre bra kvalitet. Rart med det, telefonen er aldri langt unna, og er så snerten og klar til å forevige alle øyeblikk.

Har ein plan om å verte litt flinkare å leite fram kameraet no framover, så vi får sjå om det kjem litt på bloggen også etterkvart også.

Idag hadde eg med ei lita runde og la inn nye bilete på maskina, og fekk lyst til å vise litt bilete av ungane no sist vi var i selskap. Simon fylte 16 år 2. februar, og vi var bedde i selskap.

Marius og Mariell feb 2012 014

Det var to som var veldig klar for selskap, og gledde seg skikkeleg.

Marius og Mariell feb 2012 015

Idag var det karneval på klubbhuset, og vi hadde nesten gløymt det. I mangel på kostyme måtte vi improvisere litt, og eg brukte ein idé som eg fekk etter skulen sitt karneval i fjor. Marius vart då ein pakke med “Non stop”.

Marius og Mariell feb 2012 017

Marius og Mariell feb 2012 020    Marius og Mariell feb 2012 023

Marius og Mariell feb 2012 005

Til slutt eit lite bilete frå skitur attmed besten. Vi grilla pølser og kosa oss i turløypa på Bondalseidet ein onsdag for nokre veker sidan. Godt å ha ein fridag i lag med ungane der vi kan finne på litt forskjellig.

Ingen kommentarer: