onsdag, juni 27, 2012

Bilderas…

Vatnevatnet rundt mai 2012 007

Frå pinsemarknaden på Åmdal ungdomshus, der vi brukar å gå rundt Vatnevatnet. Spennande å sjå kva for noko godt som er i sekken.

Vatnevatnet rundt mai 2012 010

Mmm, bollar!

IMG_1269

På Hjørundfjorddagane hadde eg for første gong rolla som medlem i arrangørnemnda, og hadde oppdrag heile helga, men eg rakk heldigvis å vere litt i lag med ungane også i nokre små pauser. Her vart Mariell mala med ansiktsmaling.

IMG_1280

Og så måtte Marius også få prøve. Spiderman!

IMG_1284

Skjønningane mine.

IMG_1304

Siste vekene på jobb var hektiske, med mykje øving til framsyninga “Den levande skogen”. Veldig kjekt, og veldig rart også, sidan eg var med på dette sjølv, for 20 (!) år sidan.

IMG_1313

Elles har ungane vore mykje i fjøsen i det siste, der spesielt Marius har vorte veldig flink til å hjelpe til. Han har full kontroll på alt der nede, veit mykje meir enn meg. Populært er det også å fylgje “silotoget” (forutleggaren) når pappa skal fore ut.

IMG_1384    IMG_1370

Men arbeidskarar vert også slitne, og i det siste har det vore mange lange kveldar, der Marius har vore med pappa i slåtten, og det tek på! Marius sovnar i dei raraste stillingar…

IMG_1393   IMG_1394

Besten har vore slåttehjelp også, og i fineveret har vi fått grilla mange dagar. Det er nesten slik at vi er lei grillmat no…men det går ikkje akkurat an å klage på det.

Vi har også hatt både Vetle og Kristian her som hjelparar i slåtten, så vi har vore veldig heldige. Kjempekjekt for ungane også!

Når det gjeld mor i huset har eg avslutta skuleåret i klassa mi med å ha elevane med på ein kjempeflott leirskule. Det var heilt fantastisk å få avslutte 7 år med elevane på leirskule. Og det vart ein tårevåt og fin avslutningsfest på skulen til slutt også. Så no skal eg gjere dei siste førebuingane til det nye skuleåret til hausten, og det vert rart, for då skal eg starte med 1. og 2. klassingar igjen. Smilefjes

Ingen kommentarer: