Etter litt venting på innkalling, fekk Marius plutseleg ein time der han fekk operere vekk mandlane. Vi håpte å få gjere dette før skulestart, og heldigvis fekk vi det også.
Det var papsen som måtte vere med på sjukehuset, sidan eg måtte vere heime med Mathias. Det gjorde ikkje noko særleg godt i mammahjertet, men eg visste at dette kom karane til å takle fint. Og det gjorde dei også.
Her er biletet eg fekk rett før dei skulle inn på operasjonssalen.
Og ei lita stund etterpå fekk eg melding om at alt hadde gått heilt fint, og at Marius sat og åt is nr 2 alt.
Etter operasjonen måtte dei overnatte på pasienthotellet ei natt før dei fekk reise heim. Marius var flink å ete is og anna mjuk mat, og han tok det med ro.
Tidleg neste dag var dei plutseleg heime, og Marius var i kjempeform! Han hadde fått beskjed om å ta det med ro i 2 (!) veker, og det viste seg fort å vere heilt umuleg. Faktisk var Marius i så god form at han til og med hoppa litt på trampoline…utan at vi såg det heilt med det same, for då fekk han ikkje hoppe meir. Vi tenkte sjølvsagt på blødningsfaren.
Dagen etter der igjen reiste vi inn til Olden, der vi har sett campingvogna vår for sesongen. Der var det mange å sparke fotball med, så etter ei stund greidde ikkje Marius å ta det med ro lenger. Vi var heilt imponerte over at det går an å verte så fort bra igjen etter ein operasjon. Dersom vi venta litt lenger mellom kvar gong han fekk smertestillande kjende han litt smerter, og då tok han det litt med ro, så då regulerte det seg sjølv, men alt i alt gjekk dette over all forventning.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar