onsdag, september 10, 2014

Sommarferien 2014

Å reise på sommarferie med liten baby var spennande, og vi lurte lenge på korleis det ville gå med Mathias i bil. Heldigvis gjekk det greitt, og vi køyrde til Sørlandet med campingvogn.

Men ferien starta eigentleg før det. I år har vi, som tidlegare nemnt, hatt campingvogna på fast plass i Oldedalen. (Oldevatn Camping)

Ein idyllisk og flott, liten campingplass, som ligg attmed elva som kjem frå Briksdalsbréen. Ikkje akkurat badetemperaturar i isvatnet, men det gjer ikkje noko. Denne sommaren har vore så fin og varm at det er nesten ingen som huskar sist det var slik. Temperaturar på mykje over 30 grader, og sol i vekesvis i strekk.

IMG_3794

Olden.

IMG_3889

Vatnevatnet.

IMG_3878

Sandane (Var på service med bilen, og MÅTTE bade på Gloppen Camping, for det var så varmt!

IMG_3877IMG_3874

Åt middag på Nordfjordeid. Beste middagen Marius har smakt, sa han. Snakkar om det endå. Det var steikte nudlar og grønsaker.

IMG_3853

Forteltet i Olden. Koseleg med sofagruppe.

IMG_3844

Olavshola. Mathias var også med.

IMG_3819IMG_3817

Bading i isvatnet. Med våtdrakt går det meste.

IMG_3812IMG_3808

IMG_3803

Leita etter småfiskar.

IMG_3799

Frukost i campingvogna. Mamma og kidsa på tur åleine.

 IMG_3896IMG_3893

På veg mot Grimstad. Stoppa på ein flott restaurant; Marché. God mat, og fascinerande for Mathias å sjå bilane som køyrde under oss. (Restauranten var som ei bru over firefelts-motorveg.

IMG_3904 - Kopi

Etter nokre dagar køyring, med stopp blant anna i Sogn med Svein Ivar, enda vi opp på Bie Camping i Grimstad. Her storkosa ungane seg.

IMG_3901IMG_3898

Mathias fekk ligge på teppe på graset, og Marius og Mariell bada heile dagane.

IMG_3913 - Kopi

Så var det tid for “årets hovudattraksjon”: Dyreparken.

Vi kjøpte 2-dagerspass og billettar til kveldframsyninga til Kaptein Sabeltann-showet.

IMG_3956

Dyreparken har vorte skikkeleg stor, og der er så mykje å rekke over. I Kjuttavika og “Kaptein Sabeltanns verden” vart vi nesten aldri ferdige. Her var det små dramastykker, der Sabeltann og Langemann dukka opp, og veldig mykje å sjå.

IMG_3955IMG_3939

Marius og Mariell har begge sendt smokkane sine til Kaptein Sabeltann sitt “Smokkarium” då dei slutta med smokk, så no fekk dei sjå alle smokkane Sabeltann har. Dei vart veldig imponerte då dei såg at det var eit heilt rom med smokkar.

IMG_3936

Tømmerrenna er vel omtrent den einaste attraksjonen som var der då eg var i Dyreparken sist…og det er ein del år sidan.

IMG_3944

Her er vi på presentasjon av gepardar. Veldig kjekt å få sjå slike fantastiske dyr på nært hald.

IMG_3928 - KopiIMG_3921

Løvene fekk vi også kome ganske nær. Synest presentasjonen av dyrepassarane var veldig gode og lærerike.

IMG_3918IMG_3917 - Kopi

På savannen. Giraffar, zebraer, antiloper, strutsar, gnuar, osv…

IMG_3961IMG_3960

Måtte prøve litt karusellar også. Denne var i Kardemomme by.

Sommarferie 2014 112Sommarferie 2014 105

Ekornape og ringhale-lemur.

Sommarferie 2014 100Sommarferie 2014 097Sommarferie 2014 096

Jungel-bob var veldig spennande. Den gjekk fort viss du ville, og var såpass populær at vi måtte stå ei stund i kø for å få prøve. Dessverre var det slik at det var berre ein vaksen og eit barn som fekk køyre, så då fekk vi eit problem; Audun kunne køyre med Marius, men eg måtte passe Mathias. Men Mariell var ikkje verre på det enn at ho køyrde med ei framand dame, ho. Så fekk vi løyst det problemet.

Litt seinare på dag, då det var litt mindre kø, tok vi den ein gong til, slik at eg også fekk prøve då…

IMG_3988IMG_3990

Så var det klart for Sabeltann-show om kvelden. Det var litt vanskeleg å halde seg vaken, for showet starta kl 23. Men når det først hadde starta, var det så spennande, at det var ikkje snakk om å sovne då. Mathias sov seg heldigvis gjennom alt bråket, og alle smellane.

Ein av dagane i Grimstad traff vi eit vennepar av oss, Tone og Gunnar med familie, og dei har feriehus og båt der. Vi var på sjøen heile dagen nesten, for det var så flott vér, og vi gjekk i land på ein flott campingplass, som eg trur heitte Marivold Camping, og bada på stranda der. Ein aldeles nydeleg dag.

IMG_3976IMG_3970IMG_3966IMG_3976IMG_3970IMG_3966

Sommarferie 2014 143Sommarferie 2014 139Sommarferie 2014 134Sommarferie 2014 131Sommarferie 2014 130Sommarferie 2014 127Sommarferie 2014 124Sommarferie 2014 121

Siste dagane av ferien tok vi på Omlistranda Camping attmed Stavern. Fortsatt flott vér, flott badestrand, og i tillegg litt kjentfolk. Familien Aklestad/Aarset og Rise/Flåskjer var der, så då fekk ungane litt meir selskap, og dei storkosa seg i lag siste dagane før vi vende nasa heimover.

M-M-MIMG_4018

Sommarferie 2014 215Sommarferie 2014 213 - Kopi

Kjekt med vannkrig….

Sommarferie 2014 208 - KopiSommarferie 2014 203 - Kopi

…spesielt når nokon vaksne også er med.

Sommarferie 2014 189 - KopiSommarferie 2014 174 - KopiSommarferie 2014 164 - Kopi

IMG_3907 - KopiIMG_4014

Godt å slappe litt av også etter mange timar i sola.

IMG_4003IMG_4005IMG_4004IMG_3963IMG_3957

1 kommentar:

Åse-Lill sa...

Herlige bilde frå ein so longt som ej kan sjå fantastisk sommar 😊