søndag, oktober 05, 2014

Skulestart for Marius

Marius har gleda seg veldig lenge til skulestart, og har vore klar for skulebenken i snart eitt år no. Endeleg var dagen komen, og ei ny epoke startar for familien Dagfinrud Moe.

Marius-første-skuledag

Det var litt skummelt at mamma og pappa ikkje skulle vere der, men det gjekk fort over. Sidan skulestart har vi no alt kome til haustferien, og kvar morgon er det ein blid og klar gut som står opp (veldig tidleg), lagar nista si, et frukost og er klar, gjerne godt over ein time før han skal fare.

Etter skule kjem ein glad gut heim og fortel om alle dei kjekke tinga dei har gjort. Han stortrivst, og det varmar mammahjertet veldig.

Leksene er enno ganske få og enkle, og med mammapermisjon er det relativt enkelt å få dette til utan for mykje stress og jag. Det blir nok ein annan kvardag når mor skal ut i arbeid igjen…men det prøver eg å ikkje tenkje på enno.

Ingen kommentarer: