søndag, februar 04, 2007

Bursdagsfeiring på Hustadneset!

Tvillingane Anders og Gunnhild inviterte til bursdagsfeiring på hytta.
Det var ein veldig kjekk gjeng som var samla. Faktisk var mange av den gjengen so var mykje i lag før der. Spesielt kjekt var det kanskje at Runar og Åse-Lill tok seg ein tur. Dei har vi ikkje sett så mykje til i det siste.

Jan Ove og Marion, Håvard og Oddhild, Steinar og Siw og Hallvar var der også.


Gunnhild og Kenneth skal snart få oppleve det store underet, nemleg å få verte foreldre for første gong, og dei såg ut til å glede seg veldig til det, sat bere og smilte og strauk over magen.
Gunnhild er i vertfall verpeklar, og no kan det skje kva tid som helst!
Vi ønskjer dei lukke til, og håper at alt går bra!

Ingen kommentarer: