Som lærar er det travelt i kvardagen, og dagane går i eitt. Men eit stort pluss med denne jobben er at vi får gjere mykje kjekt, og vi får vere ute dersom det er fint vér, eller inn om det er styggevér. Fleksibelt slik...
I det siste har vi no fått mykje snø og kaldt vér, og då har vi hatt både akedag og skøytedag. I tillegg er vi på Morksenteret og badar i varmtvannsbassenget kvar torsdag, og det er som rein terapien for kroppen, og ekstra godt no med den kalde vinteren ute.. :-)
Bilete 1: Akedag på Myra. MYKJE laussnø denne dagen, og iskaldt!!
Bilete 2: Skøytedag på Hovdevatnet. Nydeleg is, og passeleg temperatur. Elevane storkosa seg, og det var mange skular som tok turen denne dagen.
Bilete 2: Skøytedag på Hovdevatnet. Nydeleg is, og passeleg temperatur. Elevane storkosa seg, og det var mange skular som tok turen denne dagen.
Bilete 3: Bading på Mork. Ein kjekk aktivitet er å klatre opp på skuldrane mine når eg er under vatn, og så hoppe av i det eg røyser meg opp. Her er eit blinkskudd av eit bilete, som vart tatt akkurat i det eleven landa igjen etter eit slik hopp. Det ser ut som han går på vatnet!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar