
Til bryllaupet har vi stadig nye prosjekt på gong. Denne veka har mykje gått i orden.
- Kokk (endeleg)
- Musikken til kyrkja (etter veeeeldig mykje leiting!!)
- Invitasjonane er på god veg, og snart klare til å sendast ut
I tillegg har vi fått invitasjon til ei slags visning på TIL BORDS. Der får vi sjå kva servise dei har og skrive ønskeliste om vi vil. Dette er noko av det vi synest er vanskelegast med heile bryllaupet. Det har vorte meir og meir vanleg at brudepar legg ut ønskelister i butikkane, men likevel er det litt rart for oss å sette opp ei liste over kva vi vil ha. Samstundes er det også ei fin anledning til å gi ein liten peikepin på kva vi "samlar" på, og vi sikrar oss også mot å få mange gåver som er like og må bytast.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar