I dag, laurdag, fekk vi dette brevet frå Siril. For dei som ikkje kjenner til kven Siril er, så er ho ei av studievenninnene mine frå lærarskulen. Ho er ei veldig koseleg jente frå Vik i Sogn, som har gifta seg med ein Sunnmøring som heiter Aasmund, og busett seg ut i Herøy. Siril og Aasmund er to personar som passar veldig godt i lag, for dei er alltid fulle av idèar og sprell, noko dette er nok eit bevis på. For ikkje så lenge sidan høyrde vi om Siril sitt sprell, som var å få heile Tufte IL til Herøy for å spele mot eit damelag i rosa speledrakter som kalla seg for Dufte DL. I tillegg så var Siril nære på å kome med i Tore Strømøy sitt program, Tore på sporet. Der sende Siril inn ønske om å finne familien til faren, som var adoptert. Dette klarte Tore Strømøy å finne ut av, og faren til Siril fekk kontakt med søskena sine.
No er det altså Aasmund som har funne på noko nytt. Han har funne opp ein ny patent på ei brystpumpe, som skal gjere det enklare for dei som ammar. Idéen er så god at Aasmund er komen til finalerunda i programmet Skaperen på tv2. For å hjelpe Aasmund har Siril no sendt rundt eit brev for å få alle til å hjelpe til med å stemme på Aasmund.
Programmet der vi kan stemme vert sendt tysdag 27. mars kl 20.00 på TV2.
For å lese meir om dette, gå inn på:
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar