måndag, juli 02, 2007

Nygift!


Ja, så var dagen over alt. Vi hadde ein utruleg flott dag, og vi håpar gjestane også kosa seg på festen. Denne dagen er den største i livet vårt til no, og vi prøvde så godt vi kunne å nyte kvart sekund av den, men det vart veldig vanskeleg med så mykje fint som skjedde, og så mange fine ord. Vi treng nok litt tid på å fordøye det.
No gled vi oss til å få sjå litt bilete og film i frå bryllaupet etterkvart. Vi hadde ein utruleg dyktig fotograf i ilag med oss, som tok over 1000 bilete. I tillegg stod Christina og Trine (Bakke) for filming i bryllaupet, og dei har sagt dei kan redigere filmen til oss, så vi er veldig spente på resultatet.
Her er eit bilete av Randi og Maria og meg. Det er førebels einaste bilete eg har, så eg er veldig takknemmeleg om nokon vil sende bilete til oss. Vi har ikkje sett nokon enno.

3 kommentarer:

Anonym sa...

Kjempekjekt bryllaup! He lagt ut noken bilde på spacet mitt

Dagfinrud Moe sa...

Ken so skrive? Du, Torill?

Anonym sa...

ja det va visst ej Torill ja... litt vimsete å gløyme namnet ja..hehehe