søndag, juli 08, 2007

Veka som har gått...

På mandag hadde me restefest for å få unna litt mat frå bryllaupet. Heldigvis var det mange som hadde anledning til å ta turen innom, så vi slapp å kaste den gode maten.


Vi nytta også anledninga til å takke både Torill, som tok i mot mange av gjestane våre, og Asbjørg, som sporty stilte opp som toastmaster i bryllaupet vårt.


Vi var på overnatting i Kvamsedalen frå torsdag til fredag. Det var ein koseleg tur med varmt og deilig vêr! Her er selet som vi låg på.

Fiska kreder og grilla på bål! Det er godt det!!
Turen tek ca 2 timar, og me gjekk innover seint om kvelden. Kl 23.30 ca var me nesten framme og sola hadde akkurat gått ned. Det var heilt nydeleg, og temperaturen var berre heilt hærleg.



Laurdag var vi på hytta til Kjell-Einar og Janne på Bjørnaset. Vi kosa oss med reker og spel, og litt bading vart det også.



Storebror er god å varme seg attmed etter badinga.

2 kommentarer:

Anonym sa...

Guuuud kor lame ej(torill) såg ut på bilde..hahahah, sikkert fordi ej vart so overraska...

Dagfinrud Moe sa...

Blomster fortente du vertfall!!