måndag, september 17, 2007

Betre seint enn aldri....

I dag har vi omsider sendt bryllaupsbilete på e-post til lokalavisa her, Møre-Nytt. Litt seine, men vi har tenkt og grubla så lenge på takkekorta, at vi nesten gløymde at vi måtte sende til avisa også. Vi veit ikkje når det kjem i avisa, men det tek vel ikkje så veldig lang tid..
No har vi funne ut korleis vi vil ha takkekorta, og vi har funne ut at vi vil ta turen til Fosnavågen for å bestille der, sidan vi er litt gammeldagse i Ørsta enno..Fotografen her hadde lite å tilby. Dei foreslo faktisk at vi kunne lage korta sjølve, og då seier vel det litt om kva dei kan om digitale bilete. Dei skulle sjølvsagt ha det ferdige redigerte resultatet når vi hadde laga alt klart (dvs når vi hadde gjort jobben deira), og så kunne vi få bestille takkekorta med dei, til blodpris! Nei, takk! No gled vi oss til å snakke med fotografen i Fosnavågen, som Siril seier er veldig flinke. :-)

3 kommentarer:

Anonym sa...

Åhhhhhh,sååå nydelige dere er!!!
Glad jeg kjenner dere!
Velkommen til middag den dagen dere kommer til våjen for å finne kort.....
Her er hjemmesiden!
http://www.furmyr.no/fotografering.asp?side=22

Dagfinrud Moe sa...

Takk, takk! Me he tenkt oss utover so snart so råd egentle. Forhåpentlevis på førstkomande laurdag, men d e litt vanskele å bestemme akkorat endå, for han Audun må kanskje gjere fjøs i helga. Takk for adressa til Furmyr. Greitt å få sjekke litt prisa å sånn..:-)

Anonym sa...

Såg i alle fall ut som et kjempefint bilde dåkke ha valgt dåkke! Gle mej te å sjå det ferdeige resultatet!