søndag, november 04, 2007

Bursdagsfeiring og sightseeing

Siste vekene har det vore mange bursdagar i familien. I oktober var det først Audun som fylde 28 år, Annemor fylde år (uvisst om det er lov å opplyse om alder her...), og så var det Svein Ivar som vart 35 år. I november er det eg og Hilde etter tur. Eg fylde 27 år i går, og Hilde fyller 40 år (!!) 7. november.

For å slå i hop alle dagane og feire litt ilag, lånte vi idag minibuss, og reiste gjennom Eiksundtunellane. Vi har då vore i verdas djupaste vegtunell, og den er 287 meter djup.

På andre sida av tunellane fortsette vi til Ulstein, der vi stoppa på Ulstein hotell for å ete middag.















No køyrer vi inn i tunellen..!















Rundt bordet på Ulstein hotell.















På Eiksundbrua, på veg heimatt.












God stemning i bussen.


















Nyt utsikta frå brua.

Ingen kommentarer: