I helga var vi på julebord med Ørsta Stål. Sidan Ørsta Stål er 60 år i år, feira dei skikkeleg, med båttur til Molde, og overnatting for alle ansette på Seglet og Alexandria. Sjølve julebordet var ein godt planlagt heilaften, med 3-rettersmiddag, underhalding, talar og god musikk. Arild Rise var ypperleg kjøkemeister, og Halvdan Sivertsen spelte for oss etter middagen. Til slutt vart det dansemusikk med Woodleg Odds. (Vi gløymde å ta med kamera, så vi har desverre ikkje fått tatt bilete frå denne kvelden...tok berre eit bilete med mobilen då vi kom til Molde. Her ser vi Seglet, hotellet som er forma som eit segl, og har 15 etasjer.)
tysdag, november 20, 2007
Julebord med 60-årsjubileum

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar