
Dagen er nesten over, men eg må ta det med likevel. Kristian har bursdag i dag, og vert 11 år.
I går var vi i selskap og her er nokre bilete frå det.
Kristian og Marius i gong med opning av pakkar, Marius viser at han kan å vinke.

Juletreet var fristande for Marius med alle kulene som hang i passe høgde. Men onkel var streng, og Marius torde ikkje anna enn å lyde. Faktisk så virka det så bra at han har vore like lydig heime i heile dag også...;-)

Innpakningspapiret fekk Marius låne, og han fekk til og med hjelpe Kristian med å opne pakkar. Skulle ikkje tru ein liten tass som Marius forstod kva som skulle skje, men her gjekk vi skikkeleg til verks, og reiv av papiret så bitane flagra!

Men sjølvsagt så var kassa meir spennande enn det som var oppi...
1 kommentar:
haha, kor artige han e der han sitte oppi kassa :) søtingen!
Ej he foressten ole-brumm rangla til marius her. dokke glemte den på babysong sist, so vi tok den me heim :)
Legg inn en kommentar