Men det gjekk sopass bra med bæreselen at vi kom oss heilt opp. Marius pludra og kosa seg heile vegen opp, og på toppen sovna han..
For dei som ikkje er så lokalkjende, så er Skåla ein del av løpet som vert arrangert i Ørsta kvart år, som heiter "Saudehornet rett opp", og det er Noregs brattaste motbakkeløp. Biletet er henta frå sida om rennet. Vi var altså opp til drikkestasjonen ved 3. vasshus, ei trimløype som er mykje brukt, ,3og som for ei tid tilbake fekk lys heile vegen opp ved hjelp av ein flott dugnadsgjeng.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar