I helga har vi fått nyte fint vårvér, og vi har fått vore mykje ute. Marius var med ei runde på Amfi også. Vi leitar etter noko vi kan bruke til sandkasse, men det var lite å finne på leikebutikkane rundt om i bygda. Har lyst at det skal vere i plast og med lokk på nemleg, så ikkje kattane går oppi og gjer sitt fornødne. Såg noko eg likte i eit reklameblad som kom i posten, men det var i ein butikk på Hareid, sjølvsagt...
Men det vart ikje heilt bomtur. Marius fekk seg endeleg badekåpe, noko vi har leita etter lenge, og i dag fekk han prøve den på bading. Den var berre kjempetøff! Han såg ut som ein boksar som skulle til å gå inn i bokseringen der han subba og gjekk med hetta på, og med smykke i utringinga. Badekåpa er med "Kuraffen" frå Barne-TV, kjøpt på Princess om nokon skulle lure på det. Idag har vi ete årets første middag ute på altanen. Det var godt å sitte i solsteiken litt, og berre gløyme alt flyttestress ei stund. Marius har hatt ein skikkeleg "kose-med-mamma-og-pappa-dag". Han har hatt kontrollen på oss heile dagen, og ingen fekk lov til å ut av syne utan at han skulle vite kvar vi vart av. I tillegg har han vore kosegut og ville sitte lenge i fanget og berre kose. Med tempoet han har dagane er ikkje det heilt vanleg lenger, for å sitte stille har han ikkje tid til lenge i gongen. Kanskje var det godt å ha både mamma og pappa heime ein heil dag?
Veit ikkje om eg rekk det i dag, men eg har nokre gode videoklipp på lur no, og eg tenkte eg skulle legge ut noko av det. Eg får sjå kva eg rekk...
1 kommentar:
Hei! Høyres ut som de held eit høgt tempo, godt at de fekk litt ro saman alle tre. flotte bilder av ei flott familie! :) Klem Randi
Legg inn en kommentar