måndag, juni 15, 2009

Lite aktivitet...

Det er lite som skjer her for tida, og eg ser at mange er innom og sjekkar dagleg likevel. Det må nok forklarast slik at mykje tid har gått med til å jobbe med ein ny blogg, ein salgsblogg. Vi er no straks klare for å leggje Fagerborg ut for salg:-(
Har ikkje så lyst å selgje gode-huset eigentleg, men det må nok til. Har no over lengre tid vaska og pakka der borte, men det har ikkje gått så fort, i og med at det er så mykje som skjer her heime også, både inne og ute.
Vi er no i tillegg i full gong med førsteslåtten, og Audun kjem berre innom for å ete og sove for tida...Alt har fungert veldig fint heldigvis, så det er kjekt å sjå at alt går bra sjølv om vi er heilt "ferske". Audun har vakse opp med dette, så akkurat ein fersking er han likevel ikkje, men det er litt spesielt i år sidan han har ansvaret for alt. Ekstra kjekt er det å sjå kor godt Marius likar seg også. Han har heilt traktor-dilla, og eg har fulltidsjobb med å passe på at han ikkje spring etter traktoren ut på markane eller opp i løda. -"Dæææ e tattooo!!" -"Dææ e pappa!"

Vi har hatt besøk av "Hjørundfjordportalen" også. Vi fekk ein flott blomster og vart ynskt velkomne til bygda. Det er noko dei brukar å gjere med alle "ny-innflyttarar", og no var det altså vår tur. Låner eit bilete frå portalen her:

Om du vil lese heile innlegget på "Hjørundfjordportalen, kan du klikke her.

Ingen kommentarer: