I morgon kjem det annonse i lokalavisa, og huset vårt er då offisielt til sals. På fredag kjem det også ut på finn.no, så dette vert spennande for oss. Vi er veldig spente på responsen, og om nokon viser interesse. Eg har laga ein salsblogg, for å vise litt av huset. Det har på mange måtar vore "barnet" vårt dette huset, sidan vi brukte så mykje tid og energi på å pusse det opp. Det å vise det fram til folk no, vert eigentleg litt rart...Vi håper i vertfall det er nokon som likar huset vårt, og kan tenkje seg å bu der, og ta godt vare på det for oss...

Ta ein kik innom:
Fagerborg til sals
1 kommentar:
Hei! Ja no har eg vore innom både portal og husblogg! Kjekt å sjå :) Viser godt på huset at de har gjort ein kjempe jobb med oppussing/renovering! Ikkje rart de er glade i det. Håper salget gjenge bra. Tusen takk for kommentar på bloggen min, Anette! Artig at du er innom, set pris på det :) Klem
Legg inn en kommentar