Etter nokre travle veker med bloggtørke igjen, kan vi no endeleg senke skuldrane litt. Vi er vél heime etter ei veke ferie i Tsjekkia, og det gjorde skikkeleg godt.
Før vi reiste hadde vi eit skikkeleg "rotterace" med hussalg og flytting. Vi fekk nemleg selt huset veldig raskt, og kjøparane ville veldig gjerne flytte inn snarast råd, så då skreiv vi kontrakt laurdagen, flytta søndagen og måndagen, og reiste på ferie tysdag! Skal seie det gjekk fort i svingane, men det var skikkeleg godt å reise på ferie, og vite at det verste var gjort.
Eg har tidlegare skrive på bloggen at vi skulle til Tsjekkia i sommar, og turen er no vél overstått. Vi fekk to dagar i Praha før vi reiste til Pardubice for å vere med i bryllaupet til Audun sitt søskenbarn, Arnfinn. Han gifta seg med Tereza, som kjem frå Pardubice. Vi fekk vere med på ei litt annleis, men flott feiring, der både norske og tsjekkiske tradisjonar var med på å forme bryllaupet. Alle gjestane budde på hotellet der bryllaupsfesten var, eit nybygd og flott hotell, og det var utruleg kjekt for oss som hadde Marius, for då hadde vi alt vi trengde i nærleiken.

Marius fekk flyge for første gong, og det gjekk kjempefint. Vi var litt spente på korleis han ville reagere på alt, men det gjekk som ein draum, både frå Hovden til Oslo, og vidare frå Oslo til Praha. Men det tek på å reise, så då vogna kom litt seint på plass etter at vi hadde landa i Praha, klarte ikkje Marius å halde seg vaken lenger, og sovna i bagasjetralla...

På hotellet i Praha fekk vi deilig frukost, og Marius elska maten. Mmmm, skive med sylte, pannekaker, kiwi og melon. Han åt og åt.

Vogna vart mykje brukt, og Marius sov som regel både ein og to gongar for dag i den. Litt tøff stil her då..

Brudeparet i finstasen.

Kristian var også med til Tsjekkia, og det var svært for Marius. Kristian er så utruleg flink til å passe på Marius, og leike med han. Ikkje så rart at han er favoritten til Marius. Ofte er det første ordet Marius seier når han vaknar om morgonen: "Tittan!" (Kristian) Her er dei i finstasen begge to, på veg til borga/slottet der sermonien var. Alle gjestane, inkl. brudeparet køyrde i ei lang kø frå hotellet til slottet. Etter sermonien køyrde vi på same vis tilbake til hotellet. Då var det tuting og blikkboksar for å lage mest mogleg bråk. I tsjekkiske bryllaup er det vanleg å gjere dette, for det skal fordrive vondskap.

Det vart mykje bilete av Marius på turen (merkeleg nok...?), og inne på kjøpesentera fekk han prøve tog og fly som stod rundt omkring. Dette var stor stas!

Liten gentleman her. Marius hjelper Sofie ned trappa. Så søte...

Trekløveret: Sindre, Marius og Sofie, alle tremenningar, fødde med nokre få veker mellomrom.

Her prøvesit vi ein av dei "ørten" golfbilane utanfor hotellet. Hotellet hadde eiga golfbane, og husa mange golfarar. Der var til og med golf-sommarskule for born. Ta ein kik på det flotte hotellet
her om du vil.
Skal sjå om eg får lagt ut nokre videoklipp frå turen etterkvart også...Marius hadde nemleg danseframsyning utpå kvelden, og stjal showet ei lita stund. Han var til slutt heilt utsliten og sveitt, og måtte rett i dusjen og til sengs, stuptrøtt!
Til slutt, to av bileta mine som eg likte best av brudeparet:

5 kommentarer:
Hehe.. herleg bilde av Marius i flyplass tralla! :)
Takk for sist og for hyggelig samvær i Tsjekkia. Gøy å se noen av blink-skuddene med kameraet:o)
Vi hadde noen fine dager i sør-Tsjekkia og i Wien etter bryllupet. Det hadde vært koselig å treffes når vi kommer oppover, får se hva vi får til. Ha en fortsatt fin sommer!
Takk for sist ja! Det var kjempekjekt å sjå dei tre jamngamle tremenningane i lag igjen. Når var det de skulle vere i Ørsta? Eg og Marius er stort sett fri og frank dagane, så vi tek oss gjerne ein tur oppom Porsevegen på besøk.
Vi er ikke helt sikre på hvilken dag vi kommer oppover, men det blir i slutten av juli. Vi skal nok være litt på hytta i Austefjorden også, men vi kan gi livstegn fra oss når vi kommer oppover - det er veldig koselig med besøk, enten i Porsevegen eller i Austefjorden:o) God helg!
Ok, då høyrer vi frå dokke snart. God helg til dokke også!
Legg inn en kommentar