
Idag er det akkurat 1 år sidan Audun mista faren sin, og livet vårt vart heilt endra på kort tid. Det som vi såg føre oss skulle vere eit roleg og koseleg år som vi skulle nyte som nybakte småbarnsforeldre, vart brått til eit hektisk og kaotisk år, med mykje uvisse, arbeid, flytting, tårer og sakn. Vi tok over garden i Bondalen, og budde fortsatt i Ørsta. I mange månader pendla Audun mellom Ørsta og Bondalen (2 mil kvar veg) for å gjere fjøsen, og samstundes arbeide på Vik Ørsta. Marius og eg var stort sett heime åleine, og det var slitsomt å vere familie på denne måten. Audun måtte til slutt innsjå at det vart mykje enklare å sove i Bondalen, sidan dagane og kveldane vart lange og seine. Etter nyttår byrja eg og Marius å sove i Bondalen også, for å få vere litt meir i lag, men sjølve flyttinga vart ikkje skikkeleg fart på før rundt om påsketider. Og som de ser lenger nede på bloggen, har vi no endeleg fått flytta alle møblane våre hit også, sidan huset i Ørsta er selt. Så om ikkje alt er på plass, er det i det minste kome til gards, litt her og der medan oppussinga pågår.
Sjølv om oppgåvene er mange på ein gard og i eit stort hus, og arbeidet til tider ser uendeleg ut, så har vi vore så heldige at vi har beste solstrålen i verda attmed oss kvar dag. Marius sprer glede rundt seg til alle, og det er ikkje råd å vere trist når han er ilag med oss.

Han har gjort at dette året ikkje har vore så trist og vanskeleg som det kunne ha vore. Og med Marius springande rundt på tunet her no, i traktoren, og i fjøsen med "møane", ser vi at vi har gjort det rette valet for framtida. Her skal vi bu og drive garden vidare. Her skal borna våre vekse opp og få vere med på mykje spennande og lærerikt.
Tankane har vore så mange dette året...Vi skulle så gjerne hatt nokon å spørje når oppgåvene ser vanskelege ut, og ofte skulle vi ønske at Sverre var her for å fortelje korleis han brukte å gjere det. Men når det ikkje kan vere slik, må vi gjere det beste ut av situasjonen slik den er. Audun kjem nok til å mislike at eg skriv dette her, men han er så flink til nettopp det med å gjere det beste ut av ein situasjon. Han let seg ikkje stoppe, sjølv om det ser umogleg ut. Han berre held på til han får det til, der andre sikkert hadde kasta ifrå seg alt, og gått i sinne. (Det gjer ivertfall eg fort om eg "mødest"!)
Arbeidshaugen veks, og vil ingen ende ta, men det ser ikkje ut til å ta motet frå han. Forstå det den som kan! Eg er berre så imponert av og til..Men dette er nok ein god eigenskap å ha med seg når ein skal drive gard og held på mykje åleine.

Men vi har ikkje klart dette året heilt utan hjelp heller, og må nesten få takke så mykje for den gode hjelpa vi har fått. Det har vore hjelp med flytting, oppussing, barnevakt, matlaging, lån av utstyr, slåtten, gjødsling, plenklipping, osv. Gode vener og familie har vore god støtte når det har stått på som verst. Eg vél å ikkje nemne namn, for eg er redd eg kjem til å gløyme nokon når det er så mange. Eg vil de skal vite at vi set så inderleg stor pris på at de stiller opp for oss og vil oss så vél. Tusen, tusen takk!!
5 kommentarer:
...Anette, her vart ej rørt te tårene....du e so ufatteli flinke te og skrive, og berre de og lese historia dokka siste året gjere mykje inntrykk. Audun eno og blir ein kjernekar, og lisje Mariusen også, men no måkje du gløyme at DU me e ei kjempetaus/mamma/ektefelle/venninde!!! Og de ei super ei, med bein i nasa, masse pågangsmot og en stor porsjon forståelse, omsorg og goheit!!!
Unne dokke alle tre (4..:) ) alt godt i tida framover, og håpe kvardagen roa sej no, og att dokke fe tida i lag til både stort og smått..Dokke fortjena de so inderlig!!!
Stor klem frå oss:)
Dette var rørande lesing, Anette. Eg har sagt det før, og seier det igjen, de imponerer meg alle tre. Syns det er spesielt fint å lese at du ser det siste året frå den lyse sida også. Ta vare på alle gode opplevingar og augeblikk, dei styrker alle i kvardagen.
God klem
No kom tårene...Ej må berre sei Anette...ej synst dokke e tøffe so satsa på gardsdrifta, he sagt det til dej før. Men ej ser at dokke hakje kunna gjort nåke anna. Det e der framme dokke skal vere, å d trur ej dokke he visst heile tida? Klem frå mej!!
Tusen takk for fine kommentarar og støtte! Lure av og til på om me he gjort det rette, men som du skrive, Asbjørg, so he me vel visst at d va me so kom til å ende opp her. Gleda mej til den dagen d roa sej, og me fe tida til å gjere "familieting" uten å ha dårleg samvittigheit fordi at d går utover nåke anna me egentleg burde gjort. Me lyte bere vere flinke til å sette av tid til å gjere ting ilag same kor travelt me he d trur ej... Når d gjelde gardsdrifta e me no spente på kor d vil gå, og d fe me no ikkje vite sånn me d same heller. Men me skal no prøve ei stond, og sjå om d lønne sej. Ej trur no at livet som gardbrukar ikkje e so gale so folk vil ha d til. Og Lene, Randi og Asbjørg: Tusen takk for gode ord. Dokke e so kjekke! D varma skikkeleg;-)
Du e so flink å skrive, Anette. Og dåkke e so flinke so he satsa sånn so dåkke he gjort, og so tek ting på strak arm på den måten. Du skriv masse gode ord om han Audun som heilt sikkert e heilt sant. Men som det e skreve over her, so må ikkje du gløyme alt du gjer du med! Dåkke e so flinke! Og han Marius e no berre en sjarmis da! :-)
Legg inn en kommentar