Med ein stor mage og eit bekken som ikkje samarbeidar heilt, har det vore lite arbeidslyst å spore i huset i det siste. Ikkje ein gong blogging har vore noko spennande. Stort sett har dagane gått med til å vere i lag med Marius, og farte litt rundt for at det ikkje skal verte for kjedeleg å berre vere heime. Tida under svangerskapet har eigentleg gått veldig fort, men eg merkar at eg berre vil bli ferdig no. Det er no ca 7-8 veker til termin, og vi kjem nok ikkje til å rekke å verte ferdige med oppussinga på loftet til det. Men vi får gjere det beste ut av det. På loftet er det kaos på alle rom enno, men det er heldigvis ikkje BERRE riving lenger. Gangen har faktisk fått plater på veggane, så noko går heldigvis framover også.
Det som gjer at alt går så treigt er at det er så mykje ute og i fjøsen som også hastar med, så det er ikkje så lett å få gjort alt på ein gong. Igår fekk vi foresten ein flott kvigekalv også, den første sidan vi tok over. Han vart fødd på beite, og vart flytta nedi i fjøsen i natt. I dagtidleg fekk Marius vere med ned i fjøsen for å sjå når kalven fekk mjelk på flaske, og det var stas.
Ein annan kveld, tidlegare i veka, var vi i Kvistaddalen, der kyrne er på sommarbeite.

På besøk med Marion, Jan Ove og Marken var vi også ein dag. Dei har nokre søte kattungar som Marius fekk helse på. Og jammen hadde dei ikkje plentraktor også, nesten slik som vi har...Marius likar veldig godt å få klatre litt på slike...hm..merkeleg kor populært det er med alt som har hjul!


Frå sommarfjøsen i Kvistaddalen.

Til slutt nokre bilete frå ein dag Besta og Besten var på besøk. Eg fekk kose meg å ta bilete av ein som kosa seg skikkeleg i reia, og eg trur ikkje det var heilt fritt for at dei kosa seg litt dei som skubba også....



Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar