onsdag, august 19, 2009

Endeleg barseltreff igjen!!

Førre veke var vi så heldige at vi vart inviterte på barseltreff til Synnøve og Matias. Det er snart eit halvt år sidan sist gong vi møttast, og det var kjempekjekt å sjå kor store alle "småtrolla" vore hadde vorte. I tillegg fekk vi inspisere det nyoppussa huset til Synnøve og Sigbjørn, som etter månader med hardt arbeid har fått det kjempefint.
Mykje spennande leiker, og alt måtte sjølvsagt endevendast og tømast!
Ein lysbrytar i gangen vart også veldig populær. Sigrun Victoria og Marius slo på og av, og på, og av...like løye kvar gong! (Må føye til at dei måtte av og til få sakkyndig hjelp av Frode Andreas, som var litt meir driven i det med lysbrytarar...)
Kvar si skål med frukt og livet var hærleg både for store og små.

Tusen takk for at vi fekk samla gjengen igjen, Synnøve! Det var kjempekjekt! Håper at eg kan invitere også om ikkje så altfor lenge....;-)

Ingen kommentarer: