
Marius elskar å vere med pappa i fjøsen, eller ut på andre oppdrag. Dagleg må vi ha oss nokre runder for å sjå til kalven, "mø'ane", traktoren og diverse anna. Det er ekstra stas å få vere med pappa å gjere fjøsstellet. Kosting og raking skal Marius hjelpe til med.

Til og med jage kyr som har gått ut av beite har han fått vere med på. Dette vert god arbeidskar for pappa ettersom åra går om det held fram slik.

Å fordøye alle inntrykk etter ein lang og innhaldsrik dag er ikkje alltid like enkelt, så då går det ei stund før det vert stilt ut i senga. Mykje popling og nynning, og til slutt finn vi Marius'en vår i ei eller anna komisk sovestilling, slik som her...:-)
1 kommentar:
Godguten! :-)
Legg inn en kommentar