måndag, august 31, 2009

No går alt mykje betre...:-)

Etter endå ei veke i barnehagen, ser det endeleg ut som Marius har tilpassa seg litt betre. Han har no hatt 2 dagar i barnehagen, der han har leika og kosa seg, sove og ete. Han kjem på at han vil til mamma og pappa av og til, men har latt barnehagepersonalet trøste, og hjelpe til med å finne på noko kjekt igjen. Endeleg ser det ut til at vi kan levere han i barnehagen, og reise igjen, utan å tenkje at han vil bruke mesteparten av dagen på å gråte. Sjølvsagt må vi rekne med at han vil gråte når vi går, men det veit vi går fort over. Det artige no er at han ser ut til å ha "oppdaga" alt som er å utforske i barnehagen, spesielt ute. Han har ivertfall fått det veldig travelt med å prøve ut alt, og det er akkurat som det er ei sperre som er vekk, no når han ikkje brukar all energien på å sakne oss.
Kjekt å hente ein glad gut, som er skiten på knea og hendene.
Vil takke for alle gode kommentarar vi fekk på førre innlegg. Var ganske fortvila der ei stund, og trengde rett og slett å få lufte det litt... Det er vel ikkje noko uvanleg at tilvenninga kan ta tid, men det er likevel så godt å få litt gode råd og varme tankar på vegen, for det verkar så vondt og hjelpelaust når ein står midt oppi det.
Tusen takk!

2 kommentarer:

Annike sa...

Deilig at det endelig ordna seg og Marius kan oppdage kor utrulig kjekt det kan være i barnehagen!! Og ikkje mins for foreldra som slepp å bekymre seg heile dagen! :) Klem

Solveig sa...

SO godt å høyre at alt he blitt bedre i barnehagen. Kjekt for Marius å få leike og styre og merke at dagane gjeng fort til han bli henta! :-)