tysdag, august 25, 2009

Om barnehagestart og hormonar på stilk...?

No treng eg rett og slett å lette litt på sløret og dele nokre tankar med dei som måtte vere der ute..

Eg har arbeidd i barnehage før. Eg har sett korleis det er for born og foreldre som kjem og skal i barnehage for første gong. Eg har sett at det er vanskeleg for borna å forstå kvifor foreldra må fare, og eg har sett kor vanskeleg det er for foreldra å gå frå det mest dyrebare dei har, og overlate han eller ho til framande og nye vaksne. Verst er det då for foreldra, som ikkje ser at i dei fleste tilfelle, så går det berre ei lita stund etter at dei er reist, før barnet deira er i full gong med leik og fart rundt om i barnehagen.
Eg har vore veldig spent med tanke på at Marius skulle starte i barnehagen. Eg var likevel også trygg på at eg kom til å takle dette greitt, fordi eg har sett det litt frå den "andre sida". Eg veit at det roar seg fort, og eg veit at borna har det bra i barnehagen sjølv om dei skrik når du går.
Marius har vore veldig tillitsfull mot både framande og andre som han ikkje kjenner så godt. Han har nesten vore FOR godtruande.
Difor har det kome litt uventa på meg at denne barnehagestarten, som eg trudde skulle gå seg til fort, ikkje har gjort det enno.
Marius gret mykje i barnehagen. Han går rundt og leitar etter meg og spør etter meg, og gret når han ikkje finn meg. Og eg, som skulle takle dette så bra, er oppløyst i tårer kvar gong eg har levert han ifrå meg. Heime sit eg berre og trippar, ventar på at barnehagen skal ringe og fortelje korleis det går. Får ikkje til å gjere noko nyttig...
Marius har vel vore bra mammadalt, men etter at han byrja i barnehagen har det vorte ekstremt, for han er så redd at eg skal gå ifrå han.
Eg håpar verkeleg at det vil snart ordne seg, for det har ikkje vore noko kjekk start så langt.
Om det er eg som har hormonane på stilk, høggravid her eg sit, veit eg ikkje, men eg har så lyst å sjå Marius'en vår, slik som vi kjenner han, at han leikar seg i barnehagen og har det kjekt ilag med dei andre borna.
Å sjå at han står der på leikeplassen i barnehagen og gret når eg kjem for å hente han, er berre heilt hjerteskjærande og forferdeleg. Blikket eg får då får meg til å kjenne meg som verdas verste mor.

Så sit eg og lurer på....var det for tidleg for Marius å byrje no? Hadde det vore betre om han byrja før? Skulle vi gjort det annleis? Kva er lurt å gjere no?
Off...bør ikkje tenkje så mykje..

Imorgon er det ny dag i barnehagen. Eg veit Marius kjem til å gråte når eg går, og eg kjem til å skunde meg ut porten før eg ikkje klarer å halde tårene unna.
Så køyrer eg heim og ventar på at eg skal få ein telefon om at alt går bra....

(Må berre få føye til heilt til slutt at eg er godt fornøgd med måten vi vert mottekne på i barnehagen.)

6 kommentarer:

Annike sa...

Huff! Dette høyrest ikkje nåko kjekt ut! Kan desverre ikkje sei at eg forstår korleis du har det for mine har vore særs lette å ha i bhg, men veit om fleire som har slete lenge før det har gått ok. Håper det ordnar seg snart for han, for dette er ikkje kjekt uansett om ein er høggravid og hormonell eller ikkje!:(

Sender mange gode tankar og klemmar og håper det ordnar seg snart! :)

Dagfinrud Moe sa...

Takk!! Det ordnar seg nok etterkvart ja...berre so trasig når det står på..

Gjengen framma dala sa...

Offa mej. Trøysta er at det ikkje kan verte verre. E nok ikkje lenge før han finn ut at du faktisk kjem tilbake for å hente han. det handla kun om rutine ditta. Han e vande til å "gåoppi" dej heile dagane, d e vande rutine. Klart det blir trasi å omrokere på det! Han e en naske kar, so ej tenkje d kjøme sej so snart han forste at d skal vere sånn. men ej forste følelsen ta å vere en dritt når du gjenge derifrå å han ste å grete. ej he skreke mine modige tåre ej me, hormona eller ei!!

Randi sa...

Mange som har opplevd dette. Sofia gret fortsatt om morgonen, men det har gått i perioder. I begyndelsen var det fryktelig tøft for meg, ingen skam å innrømme det. Letta var å tenke på alle dei fine stundene ho har der, ikkje fokusere tankane mine på når ho ikkje har det ok. Etterkvart fekk vi mulegheit til kortare dagar i barnehagen, det har hjelpt veldig. Borna vert slitne der. Einig i at det er snakk om rutiner og vanar, men veit godt at det er vanskeleg å vente på at dei skal komme. Trur ikkje det handlar om at han begynte verken for seint eller for tidleg. Lykke til framover, eg er sikker på at det snur. God klem

lene og co sa...

Kjenner eit blødande morshjerte når eg les blogggen din i dag Anette...De og oppleve at skattane ikkje er tilpasse og gret er vel noko av det verste ei mor kan sjå og oppleve! Ein vil vel alltid det aller beste for dei uansett tid og stad. Då Leah begynte i barnehagen gjekk første veka heilt flott, uti andre veka var de ikkje greit at mamma eller pappa reiste om morgonene. Klamra seg fast og nura haude mot føtene....det og "snu ho rundt", fortelje at vi anrt kom og henta ho var med bismak og klump i halsen..Rett etter g var gådd, ringde eg bhg og alt var i orden...No går de kjempebra, og de er slett ikkje alle dagar ho vil være med heim... Trur dette er noko som går seg til Anette, gi det litt tid, små doser og Marius kjem etterkvart te og kose seg ilag me dei andre:) Prøv og være rolig og avbalansert når du leverar, og prøv og la være og vise at du er nervøs, spent, lei deg osv....Vi mødre vert vel lesne som opne bøker via ungane våre...følelsane du slit med no, er nok ikkje godt og bære med seg, - høggravid, hormonell, eller ikkje... Marius er ein kjernekar, blid og tillitsfull, so eg er sikker på at dette går fint framover:) eit tips er og prøve og levere han ferdig påkledd til uteleik, for so og være ilag med han ei lita stund ute, for so og gå.. Då er det so mykje enklare for ungane, enn og bere seie hadet og late att døra... Tenke uansett masse på dej, og vesle Mariusen...Tvi tvi:) Du e e i supermamma- berre so de e sagt!!!

Anonym sa...

Heia:)
Du har ein fin blogg:)
Det ekje alltid so lett ditte barnehage dilemmaet,men ej he igrunnen levd i den tru att bhg,e litt sunt for ongane.Dei kan desverre ikkje henge i "sjørtekanten til mor"til dei blir voksne.Og ej trur også att dei lærer å verte meir sjølvstendige på eit vis,ta hensyn og lære å dele(ditte gjelder kansje helst dei som e einebarn)Min sønn begynte i bhg.frå han var ca.eit og eit halvt år gammal,og han og gret når me sa hade,eit par mnd.Men so vart det nesten omvendt,han kunne ikkje vente med å få ta klede,å få springe inn.No kan det variere litt,men stort sett går det veldigt greit:)Ej seie stort sett raskt hade,for som du sikkert he sett på "den andre sida"so e det litt forvirrande for ongane visst ein seie hade og drege det ut,då synst ej personligt att dei ofte virkar litt forvirra over om du blir/skal dei få vere med heim og likn.Kan godt hende det e berre ej som tenker sann. Ej håper virkeligt det snur snart for dykk:)!Lykke til:)!Mvh.Gunnhild:)!