Siste vekene har eg tråla finn.no sine sider og barnevognguiden.no. Eg er på jakt etter ei god vogn til Marius og lisjen som kjem. Sidan Marius skal byrje i barnehagen, (på måndag faktisk!! Grøss...) så vil nok ikkje dette vere ei vogn som vert brukt kvar dag, men det kjem til å vere eit behov for å kunne ta med begge to av og til, og då gjerne når vi skal på handel el.l. Vi har single vogner til begge, men dei gongane vi skal ha med begge, er det sikkert lurt å ha ei "snerta" ei som er lett å kome fram med.
(Bilete henta frå finn.no)Valget har så og seie landa på ei vogn frå "Phil & Teds", som heiter "e3 sport".
Denne vogna ei like brei som ei vanleg vogn, men har plass til to, der eine ligg litt under den andre. Vogna er lett å slå i saman, og kan brukast som singelvogn, og som søskenvogn med både bag og sportsdel. Synest den verkar praktisk til den bruken vi kjem til å trenge. Eg har lest nokre testar der den ikkje scorar så høgt på alle områder, men det ser ut på tilbakemeldingane frå dei fleste som har hatt denne vogna at dei stort sett har vore godt fornøgde.
Sidan mange av lesarane mine er småbarnsforeldre, vil eg spørje litt etter råd her.
Kva trur du om denne vogna?
Har du erfaringar med denne eller andre søskenvogner?
Er det ei vogn du vil anbefale som søskenvogn?
Skal du selgje, eller veit du om nokon som skal selgje ei slik vogn som vi er ute etter, så hadde det vore supert om du ga oss eit hint om det!
6 kommentarer:
Heisann. Sikkert lurt med ei søskenvogn ja :-) Einaste aberet med ei sånn vogn, som ej ser for mej, e ditta med at dei ligg under/over kvarandre. Hadde tenkt mej at dissa to kjem te å få mykje selskap i kvarandre etterkvar som minsten bli litt større (berre nokre måneda). Og då e det no sikkert kjekt å få sete/ligge sånn dei ser kvarandre... Men då må det no nødvendigvis ver ei breiare vogn da. Sjøl he ej aldri prøvd sånne vogne, so ej he ikkje nåkke tips eller nåkke i den dur da. Lykke til med kjøpet og med lisjen i magen! Og lykke til til Marius som skal bjynn i barnehagen. Det gjeng heilt sikkert veldig bra :-)
Heisann!
Må si meg enig i det som Ulla skriver..liker ikke at den som sitter bak ikke ser noen ting. Og så er det ikke like koselig for de...Jeg har en søskenvogn til salgs...men det er en litt dyr variant da. En OTH tvillingvogn, ligger ute på finn.no nå, 5000,-.
Uansett så ambefaler jeg ialle fall OTH, TFK og lignende søskenvogner, det er lette, gode og de er snertne å få med seg i bil...
Masse lykke til med barnehage start og med en kommende liten en da!! Klem Monica.
Marius kjøme heilt sikkert til å storkose sej i barnehagen.
D e nok hønemora d e verst for i starten;-)
Tusen takk for tipsa begge to!
Ej e heilt einige i d me at den som sitte under ikkje ser so mykje, og at d kan bli kjedele, men ej ser også at monge skrive i tilbakemeldingane at d e litt svært å sitte der også...so d kan vel vere begge dele ditta. Veldig usikker på ka ej ska velge, for du he absolutt et poeng, Solveig, me at dei kjøme te å få selskap i kvarandre etterkvart og at d kan vere kjekt å få sitte side om side...hm...hjelpe mej kor vanskele...
Eg he erfart at viss du skal bruke vogna mest på butikkar,kjem du deg nesten ingen plass med ei dobbel vogn(mange heiser er for smale,ikkje mellom reolane og ikkje gjennom alle kafedører). Men det heile er vanskelig, for eg trur nok den søskenvogna du he sett på fungera aller best når babyen er liten, og ikkje bryr seg so mykje med omverda ja..., når det er sagt so blir det sikkert ikkje så mange handleturane med dei aleine etterkvart som dei kjem i sin travligaste alder, og da kan du bruke to enkle vogner. Lykke til med valget
Hei! Du er ikkje aleine om å vere "hønemor", Anette. Dette er noko som mange av oss har vore gjennom, og eg er sikker på at like mange vil seie at det gjekk heilt fint. Beviser berre at du er ei god mor som tenker på barnet ditt som du er gjensidig nært knytt til. Tenk så artig det vert for Marius! Gle deg til å sjå alle utviklingstrekka han får framover. Vi opplevde vertfall STORT hopp både i sosialisering, språk, leikeevne og motorikk. Masse lykke til!! :) Klem
Ps; ang vogn så har eg ingen erfaring med søskenvogn, men tenkte umiddelbart at "setet-under-funksjonen" ikkje ha funka for oss vertfall. Kanskje ubegrunna skepsis, er jo ein grunn til at mange likar vogna.
Heia!
Har en veninne som har denne vogna i rødt. Hun brukte den veldig mye de førse 7 mnd, men etter hvert som den minste vokste til, ble det litt "vanskeligere" sånn som Solveig skrev, at en måtte sitte bakerst......
Men har du en vogn som du er hjelpt med i 7 mnd fremover, så kan du jo tenke alternativt til våren og sommeren igjen;)
Lykke til i barnehagen Marius:)
Legg inn en kommentar