onsdag, juni 03, 2009

Første hårklipp...

Idag måtte eg klippe håret til Marius. Han har fått så lang lugg at han får den i augene. Ikkje akkurat lett å klippe ein som ikkje sat særleg stille, men det gjekk til slutt.

Det syner kanskje ikkje så godt på bileta, men han hadde nokre lange "fjom" som berre ville helnge inn i augene.

Klar til klipp!



Etter klippen: Eg veit ikkje om det syner så godt at han har klipt seg her eg, men eg tok faktisk nokre cm...luggen er ikkje så mykje kortare då.
Elles så har Marius no lært seg å klatre opp i sofa og stolar, og gjerne alt anna også som står i passe høgde, så no er ingenting trygt lenger...her er han ganske kry over å ha kome seg oppi ein stol for første gong.
Nye ord og fakter kjem kvar dag, og idag prøvde han for første gong å telle til 3. Til no har han sagt "Teeeee" når vi har sagt "ein, to .....", men no ville han ta heile regla sjølv.
I tillegg held han på å øve seg på klappinga til ein song han likar så godt: "3 små fisk". Han klappar seg på låra og i hendene, og så tek han peikefingrane opp. Litt vanskeleg med tomlane sikkert..hihi..artig er det i vertfall.

3 kommentarer:

Randi sa...

Fin han vart, ikkje verst til å klippe du :) Kos deg med klatremusa :)

Åse-Lill og Runar sa...

Kor veslevoksen han såg ut når han sat i stolen... Tydlig imponert over egen innsats :)

Randi sa...

Takk for hjelpa med bloggen min ! :D