søndag, mai 24, 2009

Tidleg ein morgon...

Vi er tidleg oppe her i huset. Idag var kl berre 05.00 då Marius starta dagen. Trass i at to trøtte foreldre prøvde alle sine triks for å få Marius til å forstå at det var aaaalt for tidleg å stå opp, så måtte vi til slutt berre bite tennene saman og kome oss ut av senga.
Idag er det bading i Volda kl 09.00, så no har vi pakka badebagen og er klar. Tenkte difor at eg måtte legge ut litt badebilete som eg har her...
Marius elskar å tøme vatn over seg, og når vi ser "ein, to...", så seier Marius "TREEE!!" Og så tømer han vatn over seg.


Elles vil vi seie vél overstått 17. mai til alle som er innom. Har litt bilete, men har ikkje fått lagt ut enno.
Veka har gått i eitt, med jobb og hus. Vi har no starta for fullt igjen med loftet, samstundes som det er full guffe på Ose for å få gjort huset klart til taksering på fredag. Etter det vert det visning, så no går det slag i slag her...
Skal prøve å få lagt ut litt fleire bilete etterkvart, så det kjem, det kjem...
Ha ein god søndag, folkens!

2 kommentarer:

moniq sa...

så utrolig søt! jeg har en som blir11 mnd i mårra... de er så skjønne i den alderen der altså :) koselig blogg og fine bilder! Ha en fin kveld! monika

Lillabethos sa...

Huff da Marius! Det der er for tidlig på morran altså:)
Hmm, men hva kan man gjøre når de bare har bestemt seg for å stå opp?
Håper det er noe som går over og at han våkner til "normal" tid igjen, blir jo slitsomt i lengda for dåkke voksne.....
Nydelig i badekaret e han i alle fall:)
Ps: Når kommer det bilde av magen? Da Marius var inni der var du så flink å oppdatere oss........
Klem