Slik ser profilen ut idag, og slik har det vore sidan denne bloggen vart laga i 2006. Men no er det på tide å oppdatere litt her.
Vi bur nemleg ikkje i huset Fagerborg lenger. Huset skal etterkvart selgjast, og vi er i full gong med å etablere oss i Bondalen, der vi skal drive garden etter faren til Audun. Det er eit litt anna liv enn vi såg føre oss for berre eitt år sidan, men vi har alt funne oss godt til rette her på "Svora". Så no har vi ein gard i full drift, og vi har mange nye og spennande utfordringar. Flyttinga både har vore, og er, slitsom og tidkrevande, men det er rart kor mykje ein klarer i ei overgongsfase. Dette er grunnen til at det har vore lite blogging i det siste også...har ikkje akkurat stått øvst på prioriteringslista. (foresten, så er eg ganske einig med Solveig der, når det gjeld kommentarar...er så mykje kjekkare å blogge når ein får litt kommentarar...særleg når ein ser kor mange som er innom i løpet av ein dag..;-) Så, folkens, legg igjen ein liten kommentar av og til då, det er sååå kjekt!!)
Men som sagt, så likar vi oss godt her alle tre, og vi håper vi har fått klart loftet til vi blir 4. Oppussinga har stått litt i sju steinar ei periode no, men snart går vi i gang for fullt igjen. Marius skal få seg rom på loftet, og vi skal elles lage til bad og soverom der oppe før vi flyttar oss opp. I mellomtida bur vi litt sånn provisorisk i 1.etg. Grunnen til at vi ikkje kan berre bu her slik som det er, er at her er så mykje vegg-til-vegg-tepper, og "teppe-tapét", så eg har fått igjen alt av allergi som eg hadde før då eg var yngre. (har ikkje hatt noko plager nesten siste 10 år...) No håper eg berre vi rekk å få det fjerna før Marius utviklar allergi også...han har følsom hud, som liknar veldig på mi, diverre, så vi får håpe han slepp slikt.
Elles så veks magen fort no, og på onsdag var vi på ultralyd i Volda. Vi fekk sjå at der var ein (!) liten perfekt utvikla baby på ca 20 cm. Hjertelyden var fin, og alle indre organ var på plass. Heilt utruleg at alt er så tidleg ferdig! No er svangerskapet halvvegs alt, og eg synest igrunnen at tida går veldig fort!
Vil til slutt legge ved eit bilete av gullklumpen vår. Vert ikkje lei av å ta bilete av denne sjarmøren vår, han er alltid full av påfunn og nye uttrykk...
Ha ei fortsatt god helg, folkens!
9 kommentarer:
Det er spennende tider dere har foran dere skjønner jeg....! Vi flyttet/pusset opp/fødte omtrendt samtidig, så jeg skjønner godt hvordan dere har det! ;-)
Ellers så forsøker jeg å kommentere så ofte jeg kan, selv om jeg ikke alltid har så mye fornuftig å si... Enig i at kommentarer alltid er hyggelig, slik at man får en liten pekepinn på hvem som leser!
Hihi... flira litt av "ein (!)" i bloggartikelen... Tenkte tilbake på situasjonen dokke fortalte om då sjangsen for at dokke kunne få tvillnga va sannsynlig ;)
Litt vanskelig å formulere ditta, men du forstår nok ka ej meina :)
Hei, Anette! Eg er full av beundring for korleis de ser ut til å takle ein utfordrandes livssituasjon no. Tenker at du og Audun har noko spesielt fint i dokke som gjer kvardagen lettare saman :) Kjekt at alt står bra til med "småen", og nydelege bilder og filmer av storebroren! Klem
Litt av nokre dagar/ veker/ månader de har hatt og har framføre dykk. Synest de er kjempeflinke som tar alt "på strak arm"! Flotte bilder av ein nydeleg fin gut.
Takk for kommentarar! Kjempekjekt!
Og, ja, Åse-Lill, det va det ej hinta til. Va litt greitt å sjå at der va 1 baby i magen...
Og Randi, takk for koselege kommentarar i det siste. Artig at du e innom og fylle me oss. Me he vel litt fleire utfordringa enn det so he vore vanle, men det e rart me det, kor ein takla det når ein må...so håpa me no at det roa sej etterkvart. Men same kor travelt det e, so e me einige om at me må sette av tid til kvarandre, og til å vere familie. For viss me ikkje gjer det, so verte det ikkje råd å halde ut alt det andre heller til slutt..viss du forstår..;-)
Ja, dokke har mange "ballar" i lufta samtidig, og det er imponerande alt dokke får til! Måkje slite dokke heilt ut no då før dokke verte 4... Det trengs sikkert litt energi etterpå... Veit akkurat kor dokke he de, sia me e litt i same situasjon... Med full jobb, Alette og husbygging går dagane fort. Altfor for til at me kan flytte inn når vi verte 4 (trur ej)Jula skal eg ivertfall feire i huset, om de e ferdig eller ikkje...
Hei Anette!
Må gratulere so masse med den lille i magan. Eg følger med dokke, men skal bli litt flinkare t å kommentere :)
Marius er ein nydelig gut! Veldi arti å sjå kor "store" han he blitt og alt det nye han lære seg!
Syns bilde ta nå i midten var heilt fantastisk!!!!
Lykke til med oppussing og tida framover. Håper dokke får litt tid til å slappe av i ein travel kvardag.
Stå på vidare og hels gutane dine
Hei. Enig i at det er kjekt å få litt kommentarer, jeg må nok innrømme at jeg er litt sløv på det området. Det var så koselig å få kommentarer når vi var i Australia, så takk for det:o) Morsomt å se Marius i aksjon - det er jo endel likheter mellom de små¨, så jeg kjenner igjen ting som Sindre også gjør.
Gratulerer med graviditeten - veldig koselig:o) Dere får (og har vel heller ikke) ikke fritidsproblemer skjønner jeg. Men det er jo bra at dere har så mange "hjelpere".
Vi hadde en kjempefin tur og en opplevelse for livet da vi var på ferie i Australia og på New Zealand. Vi ville helst ha vært enda lenger, men det var godt å komme hjem til sin egen seng!
Det blir kjekt å treffes i bryllupet i Tsjekkia, vi gleder oss til det.
Ha en fortsatt strålende uke og hils "gutta boys".
Marie
Jeg har sagt det før og jeg sier det igjen: Dere imponerer meg, det er virkelig tøft å gjøre alt dere gjør nå. Men for en hærlig tid dere går imøte da!!!!!! En berikelse av de sjeldne, det å få barn!!!!
Fikk du meldingen min ang.torsdag???
Klem
Legg inn en kommentar