laurdag, mai 02, 2009

"Dæææææ e kokkå"


Her hadde Marius ei kjempeoppvising på gong, og dansa skikkeleg tøft. Så skulle eg prøve å få det på film..men gjett kva han oppdaga då? Noko han ser oooooveralt, og som ikkje kan gå forbi ein einaste gong. Klokka!! Denne gongen la han merke til ei klokke på Tv-skjermen av alle ting. Fleire gongar for dag må vi ta oss god tid til å studere diverse klokker, om det er på veggen, på handa, i ei bok, eller på ein butikk, det spelar inga rolle, ALLE klokker skal studerast. Heldt på å ikkje få han med meg ut av Bjørklund ein gong han oppdaga det store klokkeskapet dei hadde... Skal tru om det er urmakar han har tenkt å verte?

3 kommentarer:

Solveig sa...

Kjekt når dei viser interesse for ting da. Er så spennande å tenke på kva dei blir når dei blir stor, og korleis dei kjem til å utvikle seg framover. Går det bra med dykk, ellers? Med magen og sånn ;-)

Dagfinrud Moe sa...

Alt går bra me oss ja. Travle daga, men d e no forde me helde på me so mykje, både oppussing, gjødsling, klargjering ta huset på Ose, og jobbing...Magen går d bra me. E no straks halvveis no! Va på ultralyd på onsdag og alt såg fint ut:-)

Anette {foreldremanualen} sa...

Søting! Imponert over at han er så opptatt av klokker! Blir nok urmaker det der ja! ;-)