tysdag, mai 12, 2009

Bake, kake, søte...

Etter nokre veker med mykje snufsing og snørr, er vi komne litt i bloggmodus igjen. Marius har vore skikkeleg forkjøla, og det har eg og Audun også. Eg var vel den som fekk det først, men som har sluppe lettast unna. Marius er skikkeleg tett enno, og søv veldig dårleg om natta for tida, sidan nasa er "potta tett" og han hostar til han nesten kovnar. Men litt bedring for kvar dag er det, og humøret er på plass, så vi kan ikkje klage.
No hadde eg meg eit lite føre med å redigere nokre bilete igjen...har hatt litt pause der og i det siste...Her ser vi Marius då han fekk låne slikkepotten, etter at eg hadde laga ei sjokoladekakerøre, og gjett om det var ein som likte det han fekk smake då? Han fekk lov til å rote og styre på, for det var alt med i planen at vi skulle rett i dusjen etterpå.


Etter dusjen måtte eg berre knipse litt bilete i den nye badekåpa, som er berre sååå tøff, synest eg...heilt hærleg å sjå der han går og nesten subbar nedi med kåpa. Blidingen vår..;-)

8 kommentarer:

Randi sa...

Hei! Nydelege bilete av ein nydeleg gut! Virka ikkje som det er noko problem å få knipsa smila :) Håper de gjenge lysare tider i møte m.o.t. sjukdom.
Klem :)

Dagfinrud Moe sa...

Takk for det! E leide ta å torke snår og nattevåk no ja, so me fe satse på d verte ei stond te neste gong. Ekje kjekt når dei e sjuke disse små, dei e so hjelpelause, stakarane.. Men heldigvis so ekje han Marius sånn so verte sure når han e sjuke, for han e stort sett alltid blide som ei sol, so d e enkelt å knipse smila ja...godt me he han som solstråle, når alt anna ste på haude;-) Skikkele humørspredar! Kor d går me dokke då, og bryllaupsplanlegging? Spennande? Må sei frå viss du trenge nåke rekvisitta ta nåke slag..he no endel liggande...tiara bl.a...:-)E bere å låne.

Randi sa...

Sender deg ein liten mail eg :)

Astrid sa...

Hehehe!
Søtt er godt:)
Kor søt han er -og på badekåpebileta var han berre heilskjønn!

Solveig sa...

Så mange flotte bilder! :-)

Siv sa...

Ej tru dåkke må ha verdas skjønnaste gut!!! Han e berre heilt nydelig!

Lillabethos sa...

Som vanlig sjarmerer han Marius i beste stil!!!! Han har klart å legge inn EN GOD DEL aksjer her no ja! Skjønningen!

Anonym sa...

marius er ein snild og morosam gut