måndag, mai 11, 2009

Konfirmasjon

Velkomen inn i vaksen-verda, Daniel!

I helga har vi vore i konfirmasjon til Daniel, ein av gutane til bror min, Jan-Olav. Konfirmasjonsvêret kunne vore betre, men elles vart dagen fin. Festen hadde dei heime på Vinjevollen, og der fekk dei plass til alle gjestane til middag! Det var mykje gode kaker, og nydeleg pynta bord;-) Eg har desverre ikkje så mange bilete frå dagen, for kameraet mitt gjekk sjølvsagt tomt for batteri. Er ikkje det typisk på ein slik dag?? Men eg rakk heldigvis å ta nokre fine bilete av konfirmanten først.


I dag er det Christina som feirar, og entrar dei edle 20-åra. Så det vart nok litt feiring og kake-eting på Vinjevollen i dag også. Gratulerer med 20-årsdagen, Christina!














1 kommentar:

Christina D sa...

tusen takk :)