Vi vil gratulere vår gode pappa og ektemann så mykje med dagen.
Håper vi får ein fin dag ilag.
Mange gode klemmar frå Marius, Mariell og mamma.
Som de ser på kaka, så er det bilete av ei mercedes-stjerne. Det er nemleg slik at her på "Svora" har det vore nesten berre mercedes'ar (Annemor og Sverre har hatt mange), og Audun har sverga til same merket. Vennegjengen fann då ut at det var dette som måtte vere motivet på kaka då dei ikkje hadde noko bilete av Audun.
Vi takkar så mykje for at de ville kome og ha ein koseleg laurdagskveld ilag med oss. Marius var så forkjøla om dagen at eg var veldig usikker på korleis kvelden ville verte, men det gjekk heldigvis bra, og i dag ser det også ut til at han er litt betre.
Trultemora vår, som gjekk frå fang til fang igår, er så snill og god at vi nesten gløymer at ho er her.
1 kommentar:
Gratulerer so mykje med overstått jubileumsdag, Audun! So kjekt med so mange gode venna so vil feire ilag med dåkke! :-)
Legg inn en kommentar