
I helga har vi vore på Alexandra hotell i Loen. Annemor feira 70-årsdag og hadde invitert med familien for å feire ilag på hotellet. Vi fekk slappe av, ete god mat, bade og vere i godt selskap. (Vi feira også litt nokre andre bursdagar som er/har vore rundt desse tider: Audun 30 år, Per Helge 35 år og Svein Ivar 37 år.)

Alle tre barnebarna ilag med farmor.

Bading to dagar på rad var stas, og kjempekjekt at Kristian var med.

To gode gutar.. <3

Wow, det regnar! Her var det kjekt!

Tøyse med onkel og Elisabeth.

Litt av gjengen samla i "suite'en" til Annemor. Hotellet overraska med å spandere ekstra flott rom på jubilanten, og då var det plass til å samle heile "bøle". Der var det overrekking av gåver, og Annemor hadde også dikta ein song.

Nyydeleg middagsbuffét om kvelden to dagar på rad. Var ikkje akkurat slankekost...

Mariell gjekk frå fang til fang....

...og Marius tok kveld i vogna si...
Tusen takk for ei flott helg ilag på Loen! Takk for ar vi fekk feire dagen ilag med deg, Annemor.
2 kommentarer:
Åhh, så koselig dere har hatt det! No fikk jeg også skikkelig lyst på hotell-tur! Og du og du så nydelig Mariell og Marius er! Dere er skikkelig heldig med to så skjønne skatter!!!
Tusen takk for meldingen på bloggen vår, hjepler en bekymret mor å høre at andre også bryr seg! Tusen takk!!!!
Høyres ut som dåkke he hatt ei perfekt helg ilag med gode venna og familie. Sikkert ei super feiring for jubilanten det :-)
Enig med Siril: Marius og Mariell e berre so skjønne! Klem
Legg inn en kommentar