onsdag, september 15, 2010

Skuletur på Hestehornet.

Medan vi hadde finevêr rakk vi ein fjelltur med skulen. Det var på ein dag då eg ikkje har så mykje undervisning, og på ein dag Marius har fri frå barnehagen, så då valde eg å ta han med på tur.

Fin utsikt og nesten oppe.

Marius gjekk heile vegen opp sjølv. Imponerte mora litt der...

Det er stor stas å få vere attmed skuleelevane. Gjett om det var ein som storkosa seg med all oppmerksomheita han fekk då?


Nokre av elevane mine og meg på toppen.

Ein litt trøtt Marius fekk sitte i bæremeisa på nedoverturen og fekk seg ein liten lur.
Og ho mor var glad for at ho slapp å ha Marius i bæremeisa på veg opp...

Ein super tur som vart avslutta med bading på Vatnevatnet til slutt. Hæææærleg!!
Om du lurer på kvar Hestehornet er, kan du kike innom denne nettsida: http://www.westcoastpeaks.com/Peaks/koppefjellet2.html

Ingen kommentarer: