Vi har no hatt nokre nydelege veker med fint vêr, og det har vorte både fjellturar og bading. (kjem innlegg) Sidan kvart minutt av sånne dagar må nytast, har det ikkje vore så mykje tid til blogging og husarbeid osv.
Temperaturen var ganske lav morgon og kveld, så det er tydeleg at dette er sommaren som spelar på siste verset. (Nektar å innrømme at det er haust!)
No er vi tilbake til "normalen" igjen, det vil seie regn og gråvêr, og slik skal det visstnok vere ei stund iflg yr.no.
Før eg kjem med nokre solrike innlegg må eg legge ut om turen vi hadde søndag. Då gjekk vi ein tur rundt Bjørdalsvatnet i regnvêr. Vi kledde oss godt, og det var nødvendig også for det kom nokre skikkelege byger. Men det er så godt å vere ute i sånt vêr også, det er berre ikkje så lett å kome på det. Marius elskar regn, det gjer vel alle ungar i denne alderen, så han syntest det er veldig svært.
Marius har vorte så flink å gå på tur. Her har vi akkurat komt rundt vatnet og Marius fann ein båt han kunne klatre på. Han gjekk heile vegen rundt vatnet, men det var heilt nødvendig å ha ei "kjekspause" på slutten. Ein Marius som er svolten er ikkje lik seg sjølv. Men det skal ikkje mykje til før humøret er på topp igjen.
Full fart!
Papsen peikar og forklarar til ein nysgjerrig Marius.
Godt å kome seg ut i regnet! Må innrømme at det skjer litt for sjeldan....
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar