søndag, august 22, 2010

Nokre fine dagar i fjellet.

I sommar kan vi ikkje skryte av å ha hatt det flottaste vêret, for det har stort sett vore grått, vått og kaldt. Men nokre fine dagar har vi hatt, spesielt no siste vekene. Det har vore så godt, spesielt for ungane som har fått bada og gått berrføtt ute. Nokre av dagane har vi fått gå på tur også, sjølv om mesteparten av tida har gått med til å jobbe i fjøsen. (Vi kan vel seie at vi har lært å prioritere litt når det endeleg er ein dag med godt vêr, for vi veit at vi kan ikkje utsette turen til neste dag, for då er det kanskje regn og grått igjen.)
På Vasstøylen med Mariell i bæremeis og Marius og besta som turfølge. Marius var svolten då vi starta på turen, så første stopp var berre nokre hundre meter frå bilen. Men etter det klarte vi å kome oss opp med berre nokre småstopp. Besta plukka tørt gras for å få litt futt i bålet. Vi hadde med oss ved, men det var ikkje nok til å få skikkeleg dreis på det, så pannekakerøre og takke vart det ikkje fres i på denne turen...skal ta med tennvæske neste gong trur eg..

Marius bada litt, og syntest det var kjekt å gå berrføtt i myra.
På tur til Brekkeheida (Hellevegen) fekk papsen også vere med.
Mariell fekk sitte i bæremeisa denne gongen også, og Marius syntest det var litt urettferdig. Men etterkvart som vi nærma oss toppen, og frista det vi kunne med at vi hadde med pølser på termosen, så kom farta seg, og han gløymde at han måtte gå.
Denne turen er skikkeleg fin for ungar, sidan mesteparten av stien er steintrapper, og det ikkje er så langt til toppen.
På toppen var det svært.
-"Sjå flagget då, pappa!" (pølsa) -"Heilt der oppe!"
Smaka godt med bolle med sylte på også, når det var tomt for pølser.

Tøffingen vår.
Og blidejenta, som kosa seg i bæremeisa.
Fantefjeset!! (som ho viser på kommando, og bles med nasa...)
Måtte forevige "ne mor" med, er ikkje så ofte det skjer.
Håper vi får litt fleire finevêrsdagar så vi får ta fleire slike turar ilag. Det er gull!!

Har foresten fått oss sykkelvogn også denne veka, og eg har no testa den med både ein og to inni. Kjempekjekt, og ikkje så tungt som eg hadde venta.

Idag er det søndag og det regnar igjen, men vi har hatt ei flott finevêrsveke. Eg har byrja i jobb igjen. Marius kosar seg i barnehagen. Mariell har vore på "ferie" med farmor i Ørsta, og Audun og besten har stått på for å få ferdig mjelkerommet i fjøsen. Snart skal dyra i Kvistaddalen innatt, og då må alt vere klart.
Imorgon skal eg på Åse med Marius, og er veldig spent på korleis det vert. Han skal åpne ein tett tårekanal og må ligge litt i narkose. Han har aldri vore på sjukehus før, så eg er spent på kor han reagerer. Men inngrepet er lite og uskyldig, så det biten bekymrar meg ikkje.

Ønsker alle blogglesarane mine ein fortsatt fin søndag!

1 kommentar:

Lillabethos sa...

For et nydelig fjell dere går på!! Den trappen oppover var såå idyllisk da!!!!
Og Marius er virkelig kjempeflink, forstår godt at han kan bli litt misunnelig på Mariell og bæremeisen, men han klarter jo alt denne karen;)
Stilig fantefjes på Mariell da!!! Hahahaha!!!

Dere må ha lykke, lykke til med Marius i dag! Skal tenke på dere! IKKE kjekt når søte små skal i narkose, men vit at han er i de beste hender! God bedring til lille Marius, vennen <3