søndag, august 01, 2010

30-årsfeiring og barnedåp.

I helga har vi hatt det så kjekt!!
Fredag var vi inviterte til Janne og John Åge for å feire Janne sin 30-årsdag.
Dei diska opp med grisegrilling i hagen, partytelt og langbord. Vi fekk servert nydeleg mat, og møtte opp alt kl 16 med ungar og full pakke. Ungane leika og storkosa seg. Eg telde ikkje over kor mange vi var, men eg trur nok at vi var minst 30 med små og store. Etter ein veldig fin start på dagen, fekk vi oss ein liten regnskur, men merka fint lite av det der vi sat, i telt med terassevarmarar og grill. Det var ei super feiring rett og slett.
Ut på kvelden kom svigermor og tok med seg Mariell til Ørsta på overnatting, besten tok med seg Marius til Åmdalen, og vi fekk fortsette feiringa utover kvelden og natta.
Det må vel nemnast at Audun brukte størsteparten av dagen til å støype golv på mjelkerommet i fjøsen attmed pappa, og han kom ikkje på festen før kl 22...
Vart ikkje tatt så mykje bilete med meg denne dagen, for det var ikkje så lett å halde styr på mine to viltre små...Mariell sit i vogna til høgre her.

Åpning av gåve frå vennegjengen. Litt lurepakke, sidan vi hadde kjøpt gåvekort. Jubilanten vart storfornøgd med at ho no kan kjøpe seg nye regnklede til hausten.
Søndag var Henriette sin dag. Det var ein fin dåpsseremoni i Hjørundfjord kyrkje.

Ei vordande mamma kikar spent på dåpsbarna som snart skal kome fram midtgongen.

Ein trøtt Marius, men med eit luresmil. Vart litt for lenge i kyrkja for han, så han sovna i pappa sitt fang.

Vatn på hovudet gjorde at Henriette vakna litt, men elles sov ho seg gjennom heile seansen, snille jenta.

Storebrødrene fekk tørke.

Og Marius også..

"Her er Henriette". Presten heldt dåpsbarnet opp for heile kyrkjelyden.

Applaus også..
Litt uvant i kyrkja, men fint..

Så var det knipsing i Bondalsparken.

Fadderane til Henriette.
Vi og Åse-Lill og Runar.

Fadderar og foreldre.

Tante Marit kosar seg med dåpsbarnet.

Henriette var godt fornøgd med å ha fått av seg finstasen, og spanderte nokre smil til fotografen.

No er vi heime, mette og gode, og Marius slokna som eit lys, så sliten som han var etter all kjekk leik idag.
Ein nydeleg flott dåpsdag har det vore.
Eg kjenner eg er glad for å ha fått av bunaden, og skal snart finne loppekassa no...tek på med slike dagar også, merkeleg nok.

Ha ein fortsatt fin søndag!


2 kommentarer:

Lillabethos sa...

Dette var to kjekke dager!!! Og sikkert deilig å få av seg bunaden søndags ettermiddag/kveld! Som du skriver, så tar merkelig nok sånne dager på, selv om det er aldri så kjekt og koselig!

Nydelig dåpsbarn!

Og ferien til Hafjell/Hunderfossen og Lilleputthammer såg kjempekjekk ut! Det er så kjekt med sånne parker! Vi var på Lilleputthammer for to uker siden, og jeg tok vel froskehoppet 10 ganger med Tiril! Torje syntes det var nok med en tur...hihihi!

GLEDER OSS TIL HELGEN! Dere er såå hjertelig velkommen!!!!!!!!!

Gjengen framma dala sa...

Ligg ei utfordring inn me mej :-)

Det va en kjempekjekke grillkveld, å d va no veldi kjekt å få kome å ete kake søndagskvelde;-)

Sann grillkveld må me gjere fleire gonga!!